en | de | no

          Legg til bilde

Jaguar

Orden Rovdyr --> U.ord. Kattelignende --> O.fam. Feloidea --> Fam. Katter --> U.fam. Store katter --> Slekt Storkatter, panter -->

Panthera onca

Engelsk navn: Jaguar

Lengde: 160-275 cm
Halelengde: 45-80 cm
Akselhøgde: ca. 70 cm
Vekt: 35-165 kg
Drektigheit: 93-110 dagar
Kull: 1-4, oftast 2 ungar
Lengde ved fødsel: 700-900 g
Vekt ved fødsel: 700-900 g
Høgaste alder: I det fri ca 15 år,
i zoologisk hage inntil 22 år.

Utbreiing
Jaguar er den einaste "amerikanaren" blant dei store kattedyrartane. Utbreiinga hans strekkjer seg frå Mexico i nord til Paraguay i sør. I dette området lever han hovudsakleg i dei vide, urørde skogane og dei buskrike gras-slettene som ligg lågare enn 1000 m.o.h.

Utsjånad
Ved fyrste blikk skil ein jaguar seg knapt frå ein leopard, og blir ofte forveksla med han. Men den som ser godt etter, vil ikkje ha problem med å halde dei to katteartane frå kvarandre: Ein jaguar er nemleg tydeleg kraftigare og meir undersetsig bygd enn ein leopard. Dessutan har han ein kortare hale og kortare bein. Han har óg eit anna mønster i pelsen: Det viktigaste kjenneteiknet er dei store sirkelflekkane på ryggen. Inni i rundingane er det ofte nokre prikkar.

Paring
Jaguarane lev heilt åleine, men frå tid til anna søkjer hannar og hoer saman for å avle ungar. Etter å ha vore drektig i 93 - 110 dagar, set Jaguarmora som ftadt tvillingar til verda i den tette skogen. Dei dreg frå mora etter 3 år.

Føde
Ein jaguar held seg helst i nærleiken av elvar, sjøar og sumpar, for her lever det særleg mange byttedyr. Han hagar gjerne mellomstore pattedyr, som tapirar, navlesvin og spydhjortar. Men fordi ein ikkje så ofte støyter på dei, må han nøye seg med mindre byttedyr. Til desse høyrer fyrst og fremst pakar, flodsvin og andre store gnagarar, maurslukarar, beltedyr, leguanar (store firfisler) og fuglar. Jaguar er ein dyktig symjar; ofte jaktar han med hell i urskogselvane på kaimaner (krokodiller) og elveskilpadder, ja, til og med fisk. Dessutan er han ein god klatrar som og klarer å ta snohalebjørnar, dovendyr og brølaper oppe i trea. Jaguaren går berre på jakt i skumringa og om dagen.


Her er underartane:


Legg til bilde


Detaljert systematikk:


U.art Arizona-jaguar, Panthera onca arizonensis (Legg til)
U.art Panama-jaguar, Panthera onca centralis (Legg til)
U.art Vestmexikansk jaguar, Panthera onca hernandesi (Legg til)
U.art Amazonas-jaguar, Panthera onca onca (Legg til)
U.art Parana-jaguar, Panthera onca palustris (Legg til)
U.art Peru-jaguar, Panthera onca palustris (Legg til)
U.art Austmexikansk jaguar, Panthera onca veracrucensis (Legg til)
U.art Yukatan-jaguar, Panthera oncagoldmani (Legg til)


Taksonomisk data er i stor grad hentet fra Wikispecies og er tilgjengelig under Creative Commons Attribution/Share-Alike License.





Kommentarer:
Navn:
Tekst:
Skriv inn tallet (For å forhindre spam må dette fylles inn)
 

Creative Commons License
Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde.
Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Personvern | Et ord om kildebruk

Dyr Planter

Grupperinger


Infosider

Arter og slekter