Engelsk navn: Cheetah
Andre norske namn: Jaktleopard
Utsjånad:
Vaksen. Den vaksne geparden har eit lite rundt hovud med korte øyrer og store uttrykksfulle auger. Frå augekroken går det ei svart stripe ned til munnvika. På kvart øyre har den ein svart flekk. Pelsens grunnfarge er gulbeige og den er tett besatt av svarte flekkar. Flekkene er ordna slik at det ser ut som om halen har ringar. Pelsen er gjennomgåande tynn- og korthåra, men på halsen, i nakken og over aksla er håra lengre og tettare, slik at det blir ein manke som viser betre på hannane enn på hoene. Lemmene er usedvanleg slanke og samanlikna med andre kattar, veldig lange.
Ungdyr I byrjinga er gepardane svarte på buken og på den nedste delen av flankane. Heile kroppen virkar snarare grå enn gyllen med den gråkvite manken somn dekkar ryggen og den øvste delen av halsen. Når dyra er to månadar gamle, blir dei mørkt farga kroppsdelane lysare. Etter kvart får så dyret den samme fargen som dei vaksne gepardane. Sjølv den sølvgrå manken tapar seg.
Levevis:
Rovdyr har som regel eit revir som dei passer godt på. Dei markerer områda med urin, og det tyder på at dei vil forsvara område sitt. Geparden har ikkje eit revir som den passer godt på. Dei kan gå på kryss og tvers av revira. Geparden sprøyter og urin rundt forbi, og mange ville vel tru at det var for å forsvare reviret sitt. Nei, det er for at hannen og hoa skal finne kvarandre og få ungar.
Føde:
Dei viktigaste bytta for Geparden er Thomsongaselle, Grantgaseller og Impala. Nokre gonger kan gepardhanner gå isaman og jakte på eit bytte. Då kan dei ta store dyr som gnu og sebraer.
Utbreiing:
Geparden lever i Afrika.