en | de | no

          Legg til bilde

Tiger

Orden Rovdyr --> U.ord. Kattelignende --> O.fam. Feloidea --> Fam. Katter --> U.fam. Store katter --> Slekt Storkatter, panter -->

Panthera tigris

Engelsk navn: Tiger

Italiensk: tigre; Fransk: tigre; Tysk: tiger; Nederlandsk: tijger; Kroatisk: tigar

Lengd: 240-390 cm
Halelengd: 70-100 cm
Akselhøgde: 75-115 cm
Vekt: 110-320 kg
Drektigheit: 95-113 dagar
Kull: 1-7, oftast 2-4 ungar
Lengde ved fødselen: 45-55 cm
Vekt ved fødselen: 800-1500 g
Høgaste alder: I det fri: 18-20 år,
i zoologisk hage inntil 26 år.
Tiger-lyd (28,3 kB)

Dyrelivet eller faunaen i tropiske Asia er på mange måter noko heilt for seg sjølv. Antageleg har flokkane av store planteetande dyr aldri vore så store her som på savannane i Afrika. Til gjengjeld lever i Asia verdas to største kattedyrartar, tiger og løve. Løva er nesten utrydda i verdsdelen. Løva lever på opne stadar, mens tigeren jaktar i skogen.

Blandt alle storkattar, er det ingen andre enn tigeren som er så godt tilpassa jakt på så store dyr. Det er rett at løva nedlegg store byttedyr som bøfler og sjiraffer, men ein må jo hugse at løver som regel jaktar i flokk. Det er derfor flokkens samla styrke som ligg bak, når eit så stort bytte blir felle. Tigeren jaktar jo som regel åleine, og den tek faktisk like store byttedyr som løva. Tigeren er berre litt større enn løva. Tigeren er sterkare i frambeina enn løva. Og potene er større og klørna betre utvikla. Det er ikkje så mange andre forskjeller på desse to kattedyra. Viss du flår (tek av skinnet) desse to kattedyra er det veldig vanskeleg å sjå forskjell på dei.

Normalt skil ein mellom åtte tiger-underarter. Skilnadar mellom underartane går framfor alt på arveleg kroppsstorleik, hårlengde, grunnfargetone og stripeteikning. Det er eigentleg veldig vanskeleg å finne forskjellen på underartane utan å vite kvar han kjem frå. Berre den nordlegaste tigeren, sibirsk tiger, skil seg tydeleg frå dei andre underartane. Om vintaren har han ein svart langhåra pels, og han er spesielt stor og tung. Sibirtigeren er det største kattedyret i heile verda. Det vil og sei at tigeren er den største arten i kattefamilien.


Legg til bilde


Detaljert systematikk:


U.art Sibirsk tiger, Panthera tigris altaica (Legg til)
U.art Kinesisk tiger, Panthera tigris amoyensis (Legg til)
U.art Balitiger, Panthera tigris balica (Legg til)
U.art Indokinesisk tiger, Panthera tigris corbetti (Legg til)
U.art Javatiger, Panthera tigris sondaica (Legg til)
U.art Sumatratiger, Panthera tigris sumatrae (Legg til)
U.art Bengalsk tiger, Panthera tigris tigris (Legg til)
U.art Kaspisk tiger, Panthera tigris virgata (Legg til)


Taksonomisk data er i stor grad hentet fra Wikispecies og er tilgjengelig under Creative Commons Attribution/Share-Alike License.





Kommentarer:
Navn:
Tekst:
Skriv inn tallet (For å forhindre spam må dette fylles inn)
 

Creative Commons License
Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde.
Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Personvern | Et ord om kildebruk

Dyr Planter

Grupperinger


Infosider

Arter og slekter