Engelsk navn: Komodo dragon
| ||||||||||||
| ||||||||||||
| ||||||||||||
Kart over utbredelse |
Komodovaranen er den største nålevande varanarten og dermed også den største øgla. Den er grå eller svartbrun med raudaktige, ringforma flekker. Kroppen er litt flattrykt. Hale og kropp er omtrent like lange. Beina er korte og kraftige med lange klør på tærne. Tunga er lang, tynn og kløfta, slik som hos slangen. Ungane er mørkare enn dei vaksne, med raude flekker over heile kroppen og grøne lengdestriper på halsen. Dei forsvinner under oppveksen.
Ikkje lenge etter at komodovaranen var oppdaga braut 1.verdskrig ut. Det førte til at det gjekk i gløymeboka. Men seinare vart han oppdaga igjen. I 1930 var det berre 300 komodovaraner i verda, alle er i Indonesia.
Fullvaksne varaner jaktar på store dyr. Dei yngre jaktar på smågnagarar, slangar, fisk, andre komodovaraner. Komodovaranen har god luktesans, så den kan finne åtsler til å ete på.
Komodovaranen er av dei dyr som er trua av utrydding. For å sikre bestanden er den sørlege delen av øya Rintja og heile den ubebudde øya Padar freda. Menneska set ut villsvin og rotter på desse øyane slik at komodovaranen kan ha noko å jakte på. På øya Komodo er det vanskelegare å frede område, fordi menneska brenn opp skog til jordbruksareal.