en | de | no

          Legg til bilde

Hjort

Orden Partåede klovdyr --> U.ord. Cetruminantia --> Klade Drøvtyggere --> Fam. Hjortedyr --> Slekt Hjort -->

Cervus elaphus

Engelsk navn: Red Deer


Foto: Dave Hamster (Lisens)
Systematikk
Rekke: Chordata
Klasse:Mammalia
Orden: Artiodactyla
Familie:Cervidae
Slekt: Cervus
Lengde: 165-250 cm
Hale: 12-15 cm
Akslehøgd: 105-150 cm
Vekt: Hann: 100-250 (350) kg
Hunn: omlag ¾ av hannens vekt
Føde: Gras, urter, lauv
Fostertid: 225-270 døgn
Kull: 1 (2) kalv(er)
Maks. levetid: 18 år

Hannen, som vert kalla kronhjort, har eit kraftig gevir. Hoa er gevirlaus og vert kalla kolle eller hind. Nest etter elgen er dette den største europeiske hjortearten.

Den har raudbrun overside med mørkeraud ryggstripe, mørkegrå under. Som liten kalv er den gulaktig med små, kvite flekkar. Geviret er oppadståande med 6-7 (sjeldan fleire) spissar på kvar stang. Dei øvste tre spissane utgjer ei krone i toppen.

Størrelsen varierer sterkt; lengde 165-250 cm, vekt 100-270 kg. Brunsttida er i fyrste halvdel av oktober, kalvinga i mail eller i byrjinga av juni. Når kalven er 7 månadar, får den sitt fyrste gevir (berre dersom det er ein hann); når dyret er 2 år, får geviret sine fyrste spissar. Gevira fellest i februar-mars og er fullt utvakse igjen på 3 månadar.

Den er utbreidt i Europa, Nord-Afrika og i Asia frå Vesleasia til Tibet, og det er mange underartar. I Sverige finnes hjort i Skåne, og i Danmark på Jylland. I Noreg finnes den hovudsakleg frå Stavanger til Nordland. I dei siste åra har den og spreidt seh til Sør- og Aust-landet.

Hjorten foretrekker skog og skogkantar, men kan og forekomme i meir opne områder. Ein stor del av bestanden kan om vintaren trekke frå indre strauk mot lune skogdistrikter nærmare sjøen. Om hausten og vintaren søkjer den ofte til åkrar, og om vintaren lever den av halvvissent gras, lyng og lav, og av kvist og bark av lauvtre. I harde vintrar øydelegg den mange unge bartrær

Hjortejakt er i Noreg tilatt i tida 10.september-14.november. Jakta varierer i lengd frå distrikt til distrikt. Kvart år vert det felt omlag 16.000 av omlag 27.000 tillatt felte.


Legg til bilde


Detaljert systematikk:


U.art Cervus elaphus bactrianus (Legg til)
U.art Cervus elaphus corsicanus (Legg til)
U.art Cervus elaphus elaphus (Legg til)
U.art Cervus elaphus hanglu (Legg til)
U.art Cervus elaphus hippelaphus (Legg til)
U.art Cervus elaphus maral (Legg til)
U.art Cervus elaphus scoticus (Legg til)
U.art Cervus elaphus yarkandensis (Legg til)


Taksonomisk data er i stor grad hentet fra Wikispecies og er tilgjengelig under Creative Commons Attribution/Share-Alike License.





Kommentarer:
Navn:
Tekst:
Skriv inn tallet (For å forhindre spam må dette fylles inn)
 

Creative Commons License
Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde.
Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Personvern | Et ord om kildebruk

Dyr Planter

Grupperinger


Infosider

Arter og slekter