Engelsk navn: Dhole
| ||||||||||||
|
Andre norske namn: asiatisk villhund, raudhund
Dhol er ein av 3 artar som danar underfamilien uekta hundar (Simocyoninae). Desse har kort snute og 4 tær på framlabbane i motsetning til ulven som har 5. Pelsen til dhol er mørkare hos dei nordlege artane. Fargen varierer frå gulbrunt om sommaren til lysegul med litt gråfarge om vintaren. Den mørke halen har mykje hår. Dei breie øyrene er avrunda. I motsetning til andre hundar manglar dhol siste jeksel i underkjeven. Det totale antall tenner er derfor 40 medan dei andre hundeartane har 42.
Oversida er sandfarga til raudbrun, lysare på undersida. Sosialt flokkdyr som vesentleg held til i høgareliggande skogområder. Flokkstørrelsen er som regel på 2-12 dyr, sjeldan over 20. Dei jaktar voldsomt effektivt i flokk. Kvalpane vert teke hand om av flokken sine medlemmer i felleskap.
Utbreiing: Finnes frå Vest-Asia til Kina, India, Indokina til Java.