Engelsk navn: Gray wolf
| ||||||||||||
| ||||||||||||
|
Italiensk: lupo; Fransk: loup; Tysk: Wolf; Svensk: varg; Dansk: ulv; Nederlandsk: wolf; Kroatisk: vuk
Den vanlege ulven er ein allsidig art som er ein av dei beste til å tilpasse seg ulike områder. Ein kan finne ulver i lauvskog, taiga og på tundra, i ørkener, sumper, ja sjølv i isen i Arktis.
Utsjånad:
Snuten er lang. Beina er lange og kraftige med fem tær på framlabbande og fire tær bak. Fargen varierer frå svart i Nord-Amerika til Kvit i Sibir og på Grønland. Den vanlegaste fargen er grå med meir eller mindre svarte teikningar. Beina og buken er kvitgule. Vintarpelsen er mykje tjukkare og tettare enn sommarpelsen. Nordlege bestander av ulv er lysare om vintaren. Ulven varierer altså mykje både i størrelse og i farge.
Ulven er eit flokkdyr og i flokkane har dei rangsordning. Det vil seie at nokon er leiar av flokken. Leiaren går alltid med halen oppover, dei andre har halen meir eller mindre nedover. Når to ulver av same rang møtast, vert det slagsmål etter eit bestemt rituale. I fyrste fase står dei to ulvane på ein viss avstand og studerer kvarandre, mens dei svinger halen til sidene. I andre fase nærmar dei seg og stirrer kvarandre stivt inn i augo. Halen står vassrett ut frå baken, men tennene blottast ikkje enno. I tredje fase går dei heilt innpå kvarandre, snuten peikar mot motparten sin strupe. Tennene vert blotta og øyrene lagt bakover. I fjerde fase reiser dei seg opp og fletter frambeina på kvarandre. Etter nokre forsøk på å skade motstandaren, kastar taparen seg i femte fase på ryggen og viser sin ubeskytta strupe. Vinnaren snuser på taparen, studerer han (eller henne) med blottane tenner, løftar halen høgt og til slutt tisser vinnaren på taparen.
Når ein ulv med liten rang nærmar seg ein med større rang, vifter den undertrykt med den hengande halen og legg øyrene flatt bakover. Så kastar den seg ned for "sjefen" og slikker den på snuten med ivrige, raske tungebevegelser. Viss "sjefen" enno inntek ein dominerande haldning, legg den med minst rang seg på rygggen, medan "sjefen" snuser på den med minst rang sine kjønnsdeler. Denne måten visar ofte ulvungar overfor vaksne ulver.
U.art Arktisk ulv, polarulv, Canis lupus arctos "Kanadawolf zoo 2009" by Udo Schröter via Flickr, Creative Commons Attribution ShareAlike. | U.art Dingo, Canis lupus dingo "Dingo" by TheGirlsNY via Flickr, Creative Commons Attribution ShareAlike. |
U.art Hund, Canis lupus familiaris "Dog portrait 2" by Tambako the Jaguar via Flickr, Creative Commons Attribution-NoDerivs. | U.art Canis lupus hudsonicus |
Rase Alaskan Husky,U.art Canis lupus hudsonicus
Rase American Bulldog,
Rase Beagle,
Rase Bichon frisé, (Legg til)
Rase Border Collie,
Rase Border Terrier,
Rase Boxer, (Legg til)
Rase Cavalier King Charles Spaniel Pictures, (Legg til)
Rase Chihuahua, (Legg til)
Rase Dalmatian, (Legg til)
Rase Dingo, (Legg til)
Rase Engelsk Setter, (Legg til)
Rase Fox Terrier, (Legg til)
Rase French Spaniel, (Legg til)
Rase Golden Retriever, (Legg til)
Rase Gordon Setter, (Legg til)
Rase Greyhound, (Legg til)
Rase Husky, (Legg til)
Rase Irish Setter, (Legg til)
Rase Labrador Husky, (Legg til)
Rase Labrador Retriever, (Legg til)
Rase Norsk elghund, (Legg til)
Rase Pit Bull Terrier, (Legg til)
Rase Pudelpointer, (Legg til)
Rase Riesenschnauzer,
Rase Rottweiler, (Legg til)
Rase Saint Bernard, (Legg til)
Rase Schäferhund,
Rase Schnauzer, (Legg til)
Rase Spanish Bulldog, (Legg til)
Rase Zwergschnauzer, (Legg til)