Her kan du laste opp egne bilder av denne arten/gruppen. Gå tilbake
UlvOrden Rovdyr --> U.ord. Hundelignende --> Fam. Hunder --> Stamme Ekte hunder, ulver --> Slekt Hunder, ulver -->Canis lupusEngelsk navn: Gray wolf
Italiensk: lupo; Fransk: loup; Tysk: Wolf; Svensk: varg; Dansk: ulv; Nederlandsk: wolf; Kroatisk: vuk
Lengde: 105-135 cm
Hale: 28-56 cm Vekt: 27-68 (96) kg Føde: Kjøt frå mus og elg Drektigheit: 60-63 døgn Kull: 5-9 kvalpar ![]() Den vanlege ulven er ein allsidig art som er ein av dei beste til å tilpasse seg ulike områder. Ein kan finne ulver i lauvskog, taiga og på tundra, i ørkener, sumper, ja sjølv i isen i Arktis. Utsjånad: Ulven er eit flokkdyr og i flokkane har dei rangsordning. Det vil seie at nokon er leiar av flokken. Leiaren går alltid med halen oppover, dei andre har halen meir eller mindre nedover. Når to ulver av same rang møtast, vert det slagsmål etter eit bestemt rituale. I fyrste fase står dei to ulvane på ein viss avstand og studerer kvarandre, mens dei svinger halen til sidene. I andre fase nærmar dei seg og stirrer kvarandre stivt inn i augo. Halen står vassrett ut frå baken, men tennene blottast ikkje enno. I tredje fase går dei heilt innpå kvarandre, snuten peikar mot motparten sin strupe. Tennene vert blotta og øyrene lagt bakover. I fjerde fase reiser dei seg opp og fletter frambeina på kvarandre. Etter nokre forsøk på å skade motstandaren, kastar taparen seg i femte fase på ryggen og viser sin ubeskytta strupe. Vinnaren snuser på taparen, studerer han (eller henne) med blottane tenner, løftar halen høgt og til slutt tisser vinnaren på taparen. ![]() Når ein ulv med liten rang nærmar seg ein med større rang, vifter den undertrykt med den hengande halen og legg øyrene flatt bakover. Så kastar den seg ned for "sjefen" og slikker den på snuten med ivrige, raske tungebevegelser. Viss "sjefen" enno inntek ein dominerande haldning, legg den med minst rang seg på rygggen, medan "sjefen" snuser på den med minst rang sine kjønnsdeler. Denne måten visar ofte ulvungar overfor vaksne ulver.
Detaljert systematikk:U.art Canis lupus albus (Legg til) U.art Arabisk ulv, Canis lupus arabs (Legg til) U.art Arktisk ulv, polarulv, Canis lupus arctos ![]() U.art Canis lupus baileyi (Legg til) U.art Canis lupus campestris (Legg til) U.art Canis lupus chanco (Legg til) U.art Canis lupus crassodon (Legg til) U.art Dingo, Canis lupus dingo ![]() U.art Hund, Canis lupus familiaris ![]() Rase Alaskan Husky,U.art Canis lupus hudsonicus ![]() U.art Canis lupus irremotus (Legg til) U.art Canis lupus labradorius (Legg til) U.art Canis lupus ligoni (Legg til) U.art Eurasisk ulv, Canis lupus lupus (Legg til) U.art Canis lupus lycaon (Legg til) U.art Canis lupus mackenzii (Legg til) U.art Canis lupus nubilus (Legg til) U.art Canis lupus occidentalis (Legg til) U.art Canis lupus orion (Legg til) U.art Canis lupus pallipes (Legg til) U.art Canis lupus pambasileus (Legg til) U.art Canis lupus tundrarum (Legg til) Taksonomisk data er i stor grad hentet fra Wikispecies og er tilgjengelig under Creative Commons Attribution/Share-Alike License. ![]() Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde. Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Personvern | Et ord om kildebruk |