en | de | no

          Legg til bilde

Svartrotte

Orden Gnagere --> U.ord. Rottelignende gnagere --> Fam. Musfamilien --> U.fam. Murinae --> Slekt Rotter -->

Rattus rattus

Engelsk navn: Black rat


Foto: piglicker (Lisens)
Systematikk
Rekke: Chordata
Klasse:Mammalia
Orden: Rodentia
Familie:Muridae
Slekt: Rattus
Kroppslengd: 16-22 cm
Halelengd: 18-24 cm
Vekt: 150-250 cm
Drektig: 22-24 dagar
Kull: 2

Svartrotte er ein gnagar i Musefamilien. Det er ein annan art som ligg i same slekt som svartrotte og det er brunrotte, Rattus norvegicus

Utsjånad: 16-22 cm lang kropp + 18-24 cm lang hale, altså hale lengre enn kropp. Veg 150-250 g. Liknar på slektningen brunrotte, men er noko mindre og slankare. Pelsen er svart til gråbrun, grå eller kvit underside. Beina er kjøttfarga og nesten hårlause. Halen er skjelldekka. Store, runde og hudaktige øyrer.

Utbreiing: Det opprinnelege leveområdet var i Sør-Asia, men for mange hundre år sidan vandra ho inn i Europa. Spreidde seg i heile Europa. Heilt til 1500-talet var ho den dominerande rotteart, då ho byrja å verta fortrengd av brunrotte. I dag finnes ho i varme land verda over, er alltid saman med mennesker. I Noreg reknast ho for å vere utrydda.

Biotop: Likar seg på loft, i motsetning til brunrotta som likar seg i kjellaren der det er fuktig. I kornlager og andre lagerhaller og skip. I varmare land og ute i naturen, fruktplantasjer og kratt.

Vaner: Er aktiv i skumringa og natta. Lev i store familier utan rangordning, i motsetning til brunrotta som har rangordning. Lagar reir av papir, treull, tekstil. Når ho lever ute bygger ho av grass og blad. Ho lagar svarte striper av ekskrementer og urin for å markere området sitt.

Mat: Et alt. Likar aller best plantekost, frø, korn, frukt, søppel og matvarer.

Forplanting: Paringstida er frå mars til oktober. Er drektig i 22-24 døgn. Får 2 kull til året og 6-12 hårlause, blinde ungar. Ungane opnar augo etter 15 døgn. Ammar mora i omlag 3 veker og klarar seg sjølv når dei er 6-7 veker gamle.

Akkurat som brunrotte stammar svartrotta frå Asia. Svartrotta innvandra til Europa i førhistorisk tid. Den haldt opprinneleg til i tre, ho er ein god klatrar. Likar seg godt på loft og under øvre bjelkelag i bygningar den har kome inn i. På grunn av at ho likar seg på loftet, kjem ho ikkje saman med brunrotta som likar seg der det er fuktig, som i kjellaren. I mellomalderen var ho utruleg plagsom. I kornlager og andre lagerstader kunne ho formeire seg utruleg raskt. Ho var derfor ein stor smittespreiar og spreidde pester som svartedauden. Svartrotta er skipsrotta og hamnebyar er stadane der ein finn flest svartrottar. Ho er sjeldan i Vest- og Mellom-Europa.


Siden ble sist oppdatert: 2021-07-28 08:17:30




Kommentarer:
Navn:
Tekst:
Skriv inn tallet (For å forhindre spam må dette fylles inn)
 

Creative Commons License
Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde.
Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Personvern | Et ord om kildebruk

Dyr Planter

Grupperinger


Infosider

Arter og slekter