Engelsk navn: Long-tailed chinchilla
| ||||||||||||
|
Langhale-chinchilla er ein gnagar i haremusfamilien, Chinchillidae. Det finnes ein annan art i same slekta til langhale-chinchilla og det er korthale-chinchilla.
Utsjånad: 25-26 cm lang kropp + 17-18 cm lang hale. Veg ½-1 kg. Minner i kropsform om kanin, men har lang og buska hale. Pelsen er mjuk og langhåra. Fargener på ryggen blågrå og undersida er kvit.
Utbreiing: Lev vilt i Chile, Andesfjella.
Biotop: Høgfjellsområder.
Vaner: Sosiale dyr som lever i kolonier i underjodiske gangar og fjelsprekker i høgfjellsområdet. Er aktive om natta. Hannen og hoa held saman heile livet (monogame).
Forplanting: Drektigtida varierer etter kor høgt over havet dei er: 115 døgn dersom 2500 m.o.h. og 125 døgn dersom 6000 m.o.h. Kullstørrelsen er frå 1-6 ungar og hoa får 1-3 kull i året. Ungane vert kjønnsmodne det første leveåret.
På grunn av den ullne, verdifulle, gode pelsen har chinchillaen vore jakta på i lange tider og nesten vore utrydda. No er arten totalfreda, men det er oppretta chinchillafarmer, og av den grunn er jakt på ville chinchillaer vorte ulønnsomt. Chinchillafarmer finnes og i Noreg, men dei er vanskelege og krevande som opprettsdyr.