Elg
Orden Partåede klovdyr -->
U.ord. Cetruminantia -->
Klade Drøvtyggere -->
Fam. Hjortedyr -->
Slekt Alces -->
Alces alces
Engelsk navn: Elk, am.: Moose
Svensk: älg; Fransk: élan; Italiensk: alce; Kroatisk: los, mus; Tysk: Elch
Lengd: 240-310 cm
Hale: 5-10 cm
Akslehøgd: 180-235 cm
Vekt: 400-1000 kg
Føde: Kvister, blad og knopper,
bar, vassplanter, gras og urter
Drektigheit: omlag 235 døgn
Kull: 1-2 (3) kalvar
Utsjånad
Elg er den største nålevande hjortedyrarten og høyrer til den holarktiske regions største pattedyr. I vekt overgås den berre av bison. Geviret kan ha ein spennvidde på 2 meter og består hos vaksne individer av to breide skovler utstyrt med takker eller ender. Det er berre hannen som har gevir. Hovudet er stort og munnen med nasen er litt nedoverbøyd. Øyrene er store, og på halsen heng ein skjegga hudfald, dogglapp. Framkroppen er høgare enn bakkroppen.
Gevir
Elgoksane feller geviret tidleg på vintaren, men fyrst i april byrjar det for alvor å vokse ut igjen. Så seint som i august når det sin fulle størrelse. Elgen har det då travelt med å få av basten (belegg på geviret), slik at han kan kome fram i all sin prakt i brunsttida i september/oktober.

Utbreiing
Dei siste 50 åra har elgbestanden stege veldig og dei er no fleire plassar der dei før var utrydda. I Noreg blei det felle 1500 elger i åra like før andre verdskrig, 25 000 i 1985 og nesten 40 000 i 1995. Den store elgstammen har og negative sider, bl.a. skade på skogplantefelter og frukthager. Mange elgar vert påkøyrde av bil og tog kvart år.
Oppførsel
Elgane er veldig åleina dyr. Det einaste som kan få nokre elgar saman, er forholdet ku/kalv og forholdet brunstig okse og ku. Om vintaren samlast dei i små flokkar. Men det er ingen sosial struktur i slike flokker.
Siden ble sist oppdatert: 2025-01-21 08:39:34
Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde.
Om Naturfakta |
Kontakt nettsideansvarlig |
Personvern |
Et ord om kildebruk