en | de | no

Barskog

Barskogane i Noreg inngår i det store barskogbeltet som strekkjer seg frå Stillehavet i aust gjennom Sibir, Russland og Finland til Sverige og Noreg i vest. På den andre sida av Atlanterhavet fortsetter barskogbeltet gjennom Canada og nordlege delar av USA. I Noreg er det berre gran og furu som betyr noko i barskogane. Furu kan klare seg på mange slags lokalitetar, og me finn den over nesten heile landet. Den manglar i deler av Troms og i nordlegaste del av Finnmark.

Gran og furu er dei einaste treslag som danar naturleg barskog i Noreg. I barskogen kan det og vekse andre bartre, barlindog einer. Ulike lauvtre veks og av og til i barskogen. Nord er det fyrst og framst bjørk, gråor, osp og rogn. Barskog veks på omtrent alle typar jordbotn. Me finn skogen i bratte bergområder, på morenerygger, langs vassdrag og ute på myrer. Bartrea danar skog både i næringsfattige og næringsrike miljø og på både tørre og fuktige stadar. I dei mest næringsfattige og tørrast områda dominerar furu. Gran treng meir fuktigheit i jordbotnen for å vekse og slår furua dersom det er god vasstilførsel. På skikkeleg våte stadar veks både gran og furu, men der får dei ein buskaktig vekst. Vassfaktoren er den viktigaste når ein deler inn barskogen i ulike typer.


Furuskog

Furuskogen veks fyrst og framst på næringsfattig og tørr jord. Store områder kan vere dekka av reinlav eler islandslav med innslag av enkelte moser og smyle. Krekling og tytebær finnes det i flekkar rundt i skogen. Røsslyngen kan dana store og tette bestandar. På tørrare stadar kan tyttebær vere den dominerande planten. Blåbær og skinntryte inngår og i samfunnet. Der jorda er tjukkare vil urter som marimjelle, skogstjerne, maiblom, linneá og vintergrønartar kunne dukke opp. I kanten av myrane våre har me ofte eit belte med furuskog. Her vil det vekse vanleg myrvegetasjon og det som med finn i andre furuskogar.

Lavurtgranskog

Denne typen granskog møter me fyrst og framst i låglandet i den sørlege delen av landet. Botnen på vere ganske tørr og næringsrik. Løvtre inngår ofte i dette samfunnet, rogn og bjørk osv. Turt og tyrihjelm som er høge veks her og bregner kan det vere mykje av. Ser me lenger ned finn me urter som blåsymre, hengeaks og fingerstarr. Heilt nederst er det mykje mose.

Blåbærgranskog

Blåbærgranskog har mykje fuktighet. Gran er det dominerande treslaget. Gran treng ikkje like mykje lys som furu og dermed er skogen tettare og meir skuggefull enn furuskog. Blåbærgranskogen er den vanlegaste skogtype i Noreg og den dekkjer store arealer. Denne skogen er økonomisk viktigast og me kan sjå spor av hogst over store deler av skogen. Den vanlegaste planten er blåbær. Blåbæren veks over store områder. Ein vil og finne tytebær og krekling. Av grasartar er smyle vanlegast. Urtene er ofte små og vanskelege å sjå. Linneá, skogstjerne, maiblom, gaukesyre og forskjellege kråkefotartar er vanlege. Nordover og ut mot kysten er det og ein del skrubbær. I botn er det mykje mose som er behageleg å gå på. Dei viktigaste er etasjemose, furumose og kammose og andre moseartar i slekta sigdmose. Mosetepper dominerer mest der lyset er for svakt til blåbær.

Sumpgranskog

I dei fuktigaste stadane finnes både gran og furu. På mest næringsrike områder dominerer gran, fattigare stadar dominerar furu. Sumpgranskogar danar ofte overgangsoner til reine myrområder. Me finn hovudsakeleg dei same urtene som i blåbærgranskog. Blåbær er vanlegast. Planter som skogsnelle, skogburkne, skinntryte og multe dukker og opp. Starrartar er og vanlege. I søraustlege skogar veks artar som f.eks. Finnmarkspors og. Langs bekkar veks or, vier, mjødurt og soleihov. Svart og grå skjegglav på trea er spesielt med denne skogen.

Hogstfelt

Når eit skogområde vert hogd ned, skjer det noko drastisk for dyre- og plantelivet. Når trea forsvinn vert det lysare overalt, og solstrålene når ned til botnen. Marktemperaturen aukar. Då fordampar fuktigheten i bakken. Smyle har godt av slikt. Til vanleg i granskogar formeirer smyle seg vegetativt. Når sola kjem ned til planten vil den lage blomer. Geiterams og bringebær kjem og tidleg ut til hogststadar. Litt etter litt vil trea vekse og ta over staden. Bjørk kjem fyrst og gjer at graset og bringebæra ikkje likar seg. Etter mange år kjem den langsamtvaksande grana opp og vil konkurrere ut bjørka.


Bestemmelsenøkkel:

Gras eller grasliknande planter:

smyle, hårfrytle, sølvbunke, sauesvingel, gulaks

Planter med kvite blomar:

Med 4 kronblad: maiblom
Med 5 kronblad: gaukesyre, olavsstake, perlevintergrøn, legevintergrøn, teiebær, nikkevintergrøn, markjordbær
Med 6 eller fleire kronblad: skogstjerne, kvitsymre
Klokkeliknande: røsslyng, blåbær, tytebær
Med lepper eller fane: knerot

Planter med gule blomar:

Med lepper eller fane: stor marimjelle, små-marimjelle
Store blomar i hovud eller korg: Skogsalat

Planter med brun-grøne blomar:

Med lepper eller fane: småtveblad

Planter med raude blomar:

Med 4 kronblad: geiterams
Med 6 kronblad: krekling
Klokkeforma:melbær, røsslyng, blåbær, tytebær, linnea
Med lepper eller fane: flekkmarihånd, småtveblad
Små blomar i hovud eller korg: skogkløver

Frukter:

Med hårfnokk: geiterams, skogsalat
Belg: skogkløver
Rund, raud: maiblom, melbær, tytebær, markjordbær
Rund, blå: blåbær, skogstjerne
Rund, svart: krekling
Delfrukter runde, raude: teiebær






Øvrige arter


Einer (Juniperus communis)
Siden ble sist oppdatert: 2021-11-15 10:56:45




Kommentarer:
Navn:
Tekst:
Skriv inn tallet (For å forhindre spam må dette fylles inn)
 
Shino (2019-09-18 10:44:22)
Nei
Shini (2015-09-08 09:59:52)
Hei jeg heter shini :)
sap? (2012-10-26 09:09:33)
hei jeg er kul
lol (2012-10-26 09:08:55)
hei

Creative Commons License
Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde.
Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Personvern | Et ord om kildebruk

DyrPlanter

Grupperinger

Infosider


Familier

Almefamilien
Amarantfamilien
Ananasfamilien
Aspargesfamilien
Bananfamilien
Barlindfamilien
Bergflettefamilien
Bergknappfamilien
Bjønnkamfamilien
Bjørkefamilien
Blærerotfamilien
Bukkebladfamilien
Bøkefamilien
Einstapefamilien
Erteblomstfamilien
Fiolfamilien
Fjellflokkfamilien
Flettemosefamilien
Fluetrompetfamilien
Furufamilien
Gaukesyrefamilien, gjøkesyrefamilien
Ginkgofamilien
Grasfamilien, gressfamilien
Gravmyrtfamilien
Gresskarfamilien
Halvgrasfamilien, starrfamilien
Hampefamilien
Hengevingfamilien
Hortensiafamilien
Ingefærfamilien
Jåblomfamilien
Kaktusfamilien
Kannebærerfamilien
Kapersfamilien
Kaprifolfamilien
Kardeborrefamilien
Kattehalefamilien
Kattostfamilien
Kjempefamilien
Klokkefamilien
Kokafamilien
Kongsbregnefamilien
Korgplantefamilien, kurvplantefamilien
Korsblomstfamilien
Kråkefotfamilien
Laurbærfamilien
Leppeblomstfamilien
Liljefamilien
Linfamilien
Lusegrasfamilien
Lyngfamilien
Maskeblomstfamilien
Middagsblomstfamilien
Mjølkefamilien
Morbærfamilien
Muskatnøttfamilien
Myrkonglefamilien
Myrtefamilien
Narsissfamilien
Nellikfamilien
Neslefamilien
Nøkkerosefamilien
Nøkleblomfamilien
Oljetrefamilien
Orkidéfamilien
Ormetungebregner
Palmer
Papayafamilien
Paradisfuglblomster
Pasjonsblomstfamilien
Pepperfamilien
Perikumfamilien
Pilefamilien
Pionfamilien
Proteafamilien
Ripsfamilien
Rosefamilien
Rubladfamilien
Rutefamilien
Såpebærfamilien, lønnefamilien
Sapodillefamilien
Sesamfamilien
Sildrefamilien
Sivfamilien
Skjermplantefamilien
Snellefamilien
Solduggfamilien
Soleiefamilien
Spolebuskfamilien
Springfrøfamilien
Storkenebbfamilien
Stortelgfamilien
Sumakfamilien, mangofamilien
Svalerotfamilien
Sverdliljefamilien
Sydbøkfamilien
Sypressfamilien
Syrefamilien, slireknefamilien
Søtvierfamilien
Tebuskfamilien
Trollheggfamilien
Tysbastfamilien
Valmuefamilien
Vassbregnefamilien
Vindelfamilien
Vortemelkfamilien

Arter og slekter