| ||||||||
|
Dette er ein korgblom der det berre er skiveblomar. Frukten har ein fnokk av stive, kvite hår. Kvar blom har fem kronblad som er vokse saman til eit røyr.
Etymologi: Namnet Senecio kjem frå senex som tyder "olding". Det "senile" ved planten er kanskje fnokkane eller hårkledninga.
Veksestad: Veks på kulturjord, tangstrender og avfallsstadar.
Utbreiing: Nesten heile landet.