en | de | no

          Legg til bilde

Gaukesyre, gjøkesyre

Fam. Gaukesyrefamilien, gjøkesyrefamilien --> Slekt Gaukesyre, gjøkesyre -->

Oxalis acetosella

Engelsk navn: Common wood sorrel

5-10 cm høg. Fleirårig urt med tynn jordstengel som er raudleg, rikt forgreina og veks vassrett. Blada, som er stilka frå jordstengelen, er trekopla med omvendt hjarteforma småblad som liknar kløverblad. Småblada grøne på oversida og raudlege på undersida. Dei forandrar stilling etter lys, temperatur og fuktigheit og brettar seg saman om kvelden. Blomen enkeltvis på stilk frå jordstengelen. Er kvit (sjeldan rosa eller blåleg) og har fiolette årer gjennom dei 5 kronblada. Kronblada er gulege ved basis, og pollenbærarar og fruktemnet er gulgrøne. Diameteren på krona 10-15 mm.

Formeiring: Har raudleg, tynn, rikt greina jordstengel som den formeirar seg med i tillegg til ein kapselfrukt som kastar frøa ut når dei er modne.

Etymologi: Oxalis kjem av oxys som tyder sur på latin - altså det vil tyde surleg. Acetosella kjem av acetum som tyder eddik.

Veksestad: Planten likar seg i skuggen i lauv og barskog i kratt.

Utbreiing: Veks vanleg til Kåfjord i Troms, sjeldan nord for det.

Bruk: Det går å smake på planten for den smakar litt surleg (namnet er jo gaukesyre). Men det er ikkje så lurt for i store mengdar kan den skada nyrene.

Anna: Gaukesyre er ein av Noreg sine vanlegaste skogplanter. Den finnes både i lauv- og barskog. Dersom planten vert utsett for direkte sollys vil blada brette seg saman og dermed beskytte seg mot for stor varme. Om kvelden hender det same berre då for å hindre at planten vert for nedkjølt.


Siden ble sist oppdatert: 2021-07-28 08:19:01




Kommentarer:
Navn:
Tekst:
Skriv inn tallet (For å forhindre spam må dette fylles inn)
 

Creative Commons License
Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde.
Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Personvern | Et ord om kildebruk

DyrPlanter

Grupperinger

Infosider


Familier

Almefamilien
Amarantfamilien
Ananasfamilien
Aspargesfamilien
Bananfamilien
Barlindfamilien
Bergflettefamilien
Bergknappfamilien
Bjønnkamfamilien
Bjørkefamilien
Blærerotfamilien
Bukkebladfamilien
Bøkefamilien
Einstapefamilien
Erteblomstfamilien
Fiolfamilien
Fjellflokkfamilien
Flettemosefamilien
Fluetrompetfamilien
Furufamilien
Gaukesyrefamilien, gjøkesyrefamilien
Ginkgofamilien
Grasfamilien, gressfamilien
Gravmyrtfamilien
Gresskarfamilien
Halvgrasfamilien, starrfamilien
Hampefamilien
Hengevingfamilien
Hortensiafamilien
Ingefærfamilien
Jåblomfamilien
Kaktusfamilien
Kannebærerfamilien
Kapersfamilien
Kaprifolfamilien
Kardeborrefamilien
Kattehalefamilien
Kattostfamilien
Kjempefamilien
Klokkefamilien
Kokafamilien
Kongsbregnefamilien
Korgplantefamilien, kurvplantefamilien
Korsblomstfamilien
Kråkefotfamilien
Laurbærfamilien
Leppeblomstfamilien
Liljefamilien
Linfamilien
Lusegrasfamilien
Lyngfamilien
Maskeblomstfamilien
Middagsblomstfamilien
Mjølkefamilien
Morbærfamilien
Muskatnøttfamilien
Myrkonglefamilien
Myrtefamilien
Narsissfamilien
Nellikfamilien
Neslefamilien
Nøkkerosefamilien
Nøkleblomfamilien
Oljetrefamilien
Orkidéfamilien
Ormetungebregner
Palmer
Papayafamilien
Paradisfuglblomster
Pasjonsblomstfamilien
Pepperfamilien
Perikumfamilien
Pilefamilien
Pionfamilien
Proteafamilien
Ripsfamilien
Rosefamilien
Rubladfamilien
Rutefamilien
Såpebærfamilien, lønnefamilien
Sapodillefamilien
Sesamfamilien
Sildrefamilien
Sivfamilien
Skjermplantefamilien
Snellefamilien
Solduggfamilien
Soleiefamilien
Spolebuskfamilien
Springfrøfamilien
Storkenebbfamilien
Stortelgfamilien
Sumakfamilien, mangofamilien
Svalerotfamilien
Sverdliljefamilien
Sydbøkfamilien
Sypressfamilien
Syrefamilien, slireknefamilien
Søtvierfamilien
Tebuskfamilien
Trollheggfamilien
Tysbastfamilien
Valmuefamilien
Vassbregnefamilien
Vindelfamilien
Vortemelkfamilien

Arter og slekter