| ||||||||||
|
Inntil 30 m høgt sommargrønt tre. Blada sit enkeltvis, spreidt på langskota, på kortskota er blada samla. Blada er vifteforma, 5-8 cm breide, faste og langstilka. Bladnervene er parallelle. Blada er fyrst lysegrøne, seinare mørkegrøne, hausten: gule. Blomane som blømer i april-mai er særbu, det vil sei at hoblomane ikkje sit på same tre som hannblomane. Blomane sit alltid på kortskota. Hannblomane er rakleaktige 2-5 saman, 4-7 cm lange, med mange pollenbærarar, gule. Hoblomane er 1-3 saman, langstilka, grøne. Frøa som kjem i oktober-november er 2-3 cm store, liknar på modne steinfrukter, med kjøttaktig, guloransje frøkappe som gjev ein ubegagelege lukt når den er moden. På grunn av lukta vert ikkje hoplanten planta i byar. Barken er fyrst gråbrun, seinare oppsprukka.
Veksestad: Er i blandingskogar opp til 750 m. Det er ingen spesielle jordkrav. Elskar lys. Toler godt luftforureining som i byar.
Utbreiing: Veks vilt i Søraust-Kina. Vanlegt parktre i Europa. Den er planta og klarar seg ein del stadar i Sør-Noreg, kor dei oppnår middels høgd.
Bruk: Hanntrea vert planta i byar (hotre vert ikkje planta for den fæle lukta som kjem om hausten). Den vert planta fordi den toler mykje forureining.
Anna: Trass i at blada liknar på lauvtrebladar er dei ikkje det. Treet vert kalla eit levande fosil på grunn av at det er den einaste arten i ein planteklasse som det var mykje av for lenge sidan.