Blom: Blomen er botanisk definert som eit skot som aldri vil vekse lenger og som har med formeiringa av planten å gjere. Ein fullstendig blom består av oftast grøne begerblad, ofte farga kronblad, pollenbærarar og fruktemne. Begerblad og kronblad danar tilsaman blomedekke. Blomedekke kan vere enkelt (dvs. utan begerblad) eller dobbelt (dvs. med begerblad). I blomar der kronblad og begerblad er like, kallast dei blomedekkblad eller blomeblad. Kronblada danar blomen si krone. I utposar av kronblada (sporar) eller ved grunna av dei kan det danast nektar (honning).
Einbu: Einbu er det same som sambu.
Elaiosom: Elaiosom er eit oljehaldande vedheng som finnes på mange frø og fruktar. Det vert ete av maur, som gjer at frøa vert spreidd. Planter som har det er f.eks. krattfiol, hårfrytle, blåsymre. Planter som vert spreidd med maur på den måten kallast myrmekokore planter eller myrmekokorar.
Sambu: Sambu er når hannblomen og hoblomen er kvar for seg, men sit på same treet. Mange treslag er slik: hassel, bjørk osv.
Særbu: Særbu tyder at hannblomen på planten veks på eit planteeksemplar medan hoblomane på eit anna. Døme på dette er krekling. Den får berre bær på hoplantene (plantene der hoblomane er). Multe er og eit eksempel.
Tvebu: Tvebu er det same som særbu.
Siden ble sist oppdatert: 2011-06-02 17:03:51