| ||||||||
|
Blomane sit enkeltvis eller to og to saman på kvar stilk. Blomane er gule og luktar godt. Dei har ein kort, butt spore. Det nederste kronbladet er spisst og utstyrt med svarte honningteikn. Blada er tynne og lysegrøne. Dei er nyreforma med glissen fintagga kant. Blada har stilk. Stengelen kjem opp frå ein krypande og bladbærande jordstengel. 5-15 cm høg.
Etymologi: Det latinske namnet biflora, tyder med to blomar. Det vil sei at planten oftast får 2 blomar på kvar plante.
Veksestad: Fjellfiolen trivst på fuktige, litt skuggefulle stadar i fjellet. Lenger nord finnes planten i låglandet og.