Her kan du laste opp egne bilder av denne arten/gruppen. Gå tilbake
Husflue, stueflue, husflugeOrden Tovinger --> U.ord. Fluer --> Infraorden Muscomorpha --> seksjon Schizophora --> U.seksjon Calyptrata --> O.fam. Muscoidea --> Fam. Møkkfluer --> U.fam. Muscinae --> Stamme Muscini --> Slekt Musca -->Musca domesticaEngelsk navn: Housefly
Husfluga er ei av dei mest vanlege flugeartane i heimar. Ho er og eit av dei mest utbreidte insekta. Ofte blir ho rekna for å være plagsom fordi ho kan bere på sjukdomar. Ei normal husfluge blir mellom 6 og 9mm lang. Ho har store raude fasettaugo i forhold til kroppen. Stort sett er ho svart, men buken er guleg. Kroppen er dekka av hår. Ei hofluge er ein del større enn ei hannfluge. I tillegg er augo til ei hofluge mykje lenger frå kvarandre på ei hofluge enn ei hannfluge. Det blir lagd totalt omlag 500 egg av ei ho, i puljer på 75 til 150 egg. Egga er kvite og ca. 1.2mm lange. Det går kun ein dag før larvane er klare og kjem ut av egget. Larvane er bleik-kvite og 3 til 9 mm lange. Dei lever av organisk materiale som dei til dømes kan finna blant søppel. Gjennomsnittleg levetid for ei vaksen fluge er omlag 15-25 dagar. Men heile livssyklusen kan gjennomførast på 7-10 dagar, slik at ein kan få mange generasjonar på relativt kort tid. Vis kilderSiden ble sist oppdatert: 2021-07-28 08:20:15 ![]() Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde. Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Personvern | Et ord om kildebruk |