Her kan du laste opp egne bilder av denne arten/gruppen. Gå tilbake
Stemorsblom, stemorsblomstFam. Fiolfamilien --> Slekt Fiol -->Viola tricolor
Stemorsblomen har to blå kronblad øverst, nedfor er det to kvite kronblad, heilt nederst er det eit gult kronblad. Det kan variere litt i fargane slik som på blomen til høgre. Stemorsblomen har flikete akselblad som er omtrent halvparten så lange som sjølve bladet. Planten er ein bladrik og greina stengel med fleire blomar. Blada er ovale og har nokre få grove tenner langs kanten. Planten kan verte opptil 20 cm. Etymologi: Stemorsblomen skal ha fått namnet etter at dersom du studerer planten vil du sjå at dei to øvste kronblada vert festa berre ein plass. Det var stedøtrene som måtte sitte ilag på samme stolen og fekk berre ha på seg blått. Dei to midterste kronblada er dei ekte døtrene som hadde på seg litt finare klede og dei får sitja på kvar sin stol. Nedst er stemora sjølv som har ein gul flott kjole. Det latinske namnet tricolor tyder trefarga. Veksestad: Stemorsblomen veks på kulturjord og i tørre bakker og på sandbunn. Helst ved havet Utbreiing: Heilt nord til Finnmark. Siden ble sist oppdatert: 2021-07-28 08:18:51 ![]() Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde. Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Personvern | Et ord om kildebruk |