Her kan du laste opp egne bilder av denne arten/gruppen. Gå tilbake
Kvitveis, kvitsymre, hvitveisFam. Soleiefamilien --> U.fam. Ranunculoideae --> Stamme Anemoneae --> Slekt Anemone -->Anemone nemorosa
10-25 cm. Fleirårig urt med krypande, vassrett, brun jordstengel som det kvar vår frå spissen veks opp ein overjordisk opprett stengel. Jordstengelen danar sideskot som igjen danar sideskot og kvart nytt skot gjev ein ny overjordisk stengel. På denne måten vil kvitsymra vekse tett. Omtrent midt på denne opprette, ugreina overjordiske stengelen kjem det ein krans av 3 kortstilka blad. Kvart blad er trekopla og 3-6 cm lange. Bladstilken er raudleg. Det kjem og eit einsleg langstilka blad frå jordstengelen. Ein blom i toppen av stengelen med kvite frikrona blomeblad (manglar begerblad) som har 6-8 (12) kronblad. Pollenbærarane er talrike og gule. Mange grøne fruktemner. Fruktene er små, håra, grøne som modne, nesten kuleforma med nebb. Dei sit i tett samling der blomen var. Etymologi: Anemone tyder vind. Nemorosa tyder som veks i lunder. Veksestad: Kvitsymra likar seg i lauv- og barskogar, i kratt på muldjord. Utbreiing: Vanleg i låglandet nord til Hol i Nordland, spreidd vidare nord til Tromsøysund. Livet: Kvitsymra forbereier bløminga allereie tidleg på hausten. Utviklinga hender under snøen om vintaren. Den utnytter sola som kjem ned i skogbotnen før trea får blad. Etter fruktene er modne visner den raskt bort, unnateke jordstengelen som lagar nye knoppar. Anna: Kvitsymra er giftig, safta kan gjeve sår og blemmer. Siden ble sist oppdatert: 2022-01-24 11:43:13 ![]() Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde. Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Personvern | Et ord om kildebruk |