Her kan du laste opp egne bilder av denne arten/gruppen. Gå tilbake
VårkålFam. Soleiefamilien --> U.fam. Ranunculoideae --> Stamme Ranunculeae --> Slekt Soleie -->Ranunculus ficariaEngelsk navn: Lesser celandine
Blomane sit kvar for seg i toppen av stengelen sine greiner. Dei er store, glinsande og gule. Blomane har 7-8, nokre gonger fleire, smale kronblad og 3-4 grøne begerblad. Det er mange pollenbærarar og fruktemner. Blada har lang stilk. Dei er kjøtaktige, hjarteforma og heilranda. I dei nedre bladhjørna sit det små, kveitekornliknande yngleknoppar. Stengelen er nedliggande til oppliggande og greina frå basis (utgangspunktet). Røtene er av to slag. I tillegg til vanlege tynne røter har planten oppsvulma spoleforma, ammerøter. Dei har form som ein fiken. Artsnamnet ficaria kjem av ficus, fiken. Formeiring: Når vårkål vesner ned tideg på sommaren, dett dei små yngleknoppane ned på marka. Yngleknoppane spirer alereie om hausten og utviklast året etter til nye planter. Frå ammerøtene veks det og opp nye planter. Utover våren lagar planten nye ammerøter. Fruktsettinga er dårleg. Etymologi: Ranunculus tyder liten frosk. Ficaria kjem av Ficus som tyder fiken. Fiken kjem kanskje av at planten har yngleknoppar. Veksestad: Vårkål veks på fuktig muldjord i lauvskog og på kulturjord. Utbreiing: Vanleg i Noreg i kyststrauka nord til Lofoten. Bruk: Yngleknoppane har vore brukt som medisin mot skjørbuk. Planten er giftig. Siden ble sist oppdatert: 2021-07-28 08:18:46 ![]() Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde. Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Personvern | Et ord om kildebruk |