Her kan du laste opp egne bilder av denne arten/gruppen. Gå tilbake
Raudkløver, rødkløverFam. Erteblomstfamilien --> U.fam. Faboideae --> Stamme Trifolieae --> Slekt Kløver -->Trifolium pratense
Blomane er samla i store, runde hovud som innheld mange blomar. Blomane sit oftast enkeltvis i toppen av stengelen. Blomane er raude, bleikt raude eller kvite og har som alle andre erteblomar fane, vinger og kjøl. Blada sit i rosett ved basis og sprett oppover stengelen. Blada er tre-kopla med ein lys beforma flekk. Har eggrunde akselblad. Dei øvste blada sit tett oppunder blomehovudet. Stengelen er oppstigande og greina. Frukta er ein belg, etter bløminga er omgjeven av dei visne kronblada. Etymologi: Pratense tyder at planten veks i enga. Veksestad: Veks i eng og bakker. Utbreiing: I heile landet, men mindre vanleg lengst nord. Bruk: Blomane kan tørkast og brukast som mjøl. Dette var vanleg i Irland før. Anna: Raudkløver er ein viktig fôrplante. Den veks villt på fuktige enger og i grasmark. Den liknar utruleg mykje på skogkløver. Skilnaden er at på raudkløveren sit dei øvste blada tett opptil blomen, hos skogkløver lenger nede på stilken. Raudkløveren har ein bueforma flekk på blada. Raudkløveren blømer frå mai til september. Siden ble sist oppdatert: 2021-07-28 08:19:48 ![]() Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde. Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Personvern | Et ord om kildebruk |