Her kan du laste opp egne bilder av denne arten/gruppen. Gå tilbake
HestehovFam. Korgplantefamilien, kurvplantefamilien --> Slekt Hestehov -->Tussilago farfara
Blomane er samla i korger som sit enkeltvis i toppen av stenglane. Blomane er gule. Randblomane er hunnlege med ei smal, tungeforma krone. Skiveblomane er hannlege med røyrforma krone. Stengelen er opprett, ugreina og kledd med raudaktige, skjelliknande, hårete blad. Etter bløminga heng korgene. Blada, som fyrst kjem etterpå blomen er vesen, sit i rosett og har lange stilkar. Dei er store, hjarteforma og med tanna kant. Dei er glatte på oversida og kvitlodne på undersida. Hestehov har jordstengel som er lang, rikt forgreina og brer seg vassrett utover. Etymologi: Det norske namnet hestehov kjem av at blada som kjem på sommaren liknar på hestehovar. Det latinske namnet farfara kjem nok av at det går ei elv nord for Roma med namnet Farfara (Fara). Det er og mange andre norske dialektnamn på denne planten som: Hovgras, blekkje, hestafivel, merrablom og fålongfot. Veksestad: Hestehov veks på kulturmark. Anna: Hestehov er eit ugras som er vanskeleg å utrydde. Når ein rotar nede i jorda for å få jordstenglane vekk, oppnår ein oftast berre at ein deler jordstengelen slik at det blir nesten enda fleire planter. Planten kan godt vere på vassjuk, leira jord. Hestehoven sine store blad stel lys og næring frå andre planter. Siden ble sist oppdatert: 2021-07-28 08:19:42 ![]() Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde. Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Personvern | Et ord om kildebruk |