Her kan du laste opp egne bilder av denne arten/gruppen. Gå tilbake
HeggFam. Rosefamilien --> U.fam. Spireafamilien --> Stamme Amygdaleae --> Slekt Prunus --> U.slekt.Prunus subg. Cerasus --> seksjon Prunus sect. Laurocerasus -->Prunus padus5-18 m høgt lauvtre. Oftast buskform. Dei kvite blomane sit i 10-15 cm lange klaser. Kvar blom har 5 kvite kronblad og blomen luktar godt. I Sør-Noreg blømer heggen omkring 17.mai. Blada er spreiddstilla og har stilk på 1-2 cm. Har 1-2 kjertler. Bladplata er elliptisk tilspissa, 6-12 cm lang, fint sagtanna. Oversida er mattgrøn, undersida er blågrøn. Glatte blad. Sidenervene bua og forbunda ved bladranden. Frukten er ertestore, kuleforma steinfrukter. Når dei er modne er dei flinsande svarte. Steinen er fura. Fruktkjøttet er bittert. Barken er glatt, svartgrå. Formeiring: Insekter pollinerar blomane. Etymologi: Prunus er eit gammalt namnt på plommetre, padus var namnet på ein busk i gamle Hellas. Veksestad: Veks nær elver, bekker og vatn. I fuktige lauvskoger, skogkantar. Fuktig, næringsrik og basisk gjørme og leirjord. Likar litt skugge. Bruk: Heggebarken har vore brukt som medisin mot gikt, hevelser, brannsår og sår som ikkje ville gro. Fruktene vart brukt til brennevin. Siden ble sist oppdatert: 2021-07-28 08:19:36 ![]() Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde. Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Personvern | Et ord om kildebruk |