Her kan du laste opp egne bilder av denne arten/gruppen. Gå tilbake
TusenfrydFam. Korgplantefamilien, kurvplantefamilien --> Slekt Bellis -->Bellis perennis
Stengelen er bladlaus og håra. Den blømer i mai-september. Kvar blomekorg har gule skiveblomar (blomane i midten) og kvite randblomar (blomane rundt). Dei kvite randblomane er ofte litt raude i tuppane. Frøa er små, avlange og dunhåra, med avflata ender. Blada sit i rosett nede på planten og er spadeforma. Dei er bukta tannete eller heilranda. 5-15 cm høg. Etymologi: Bellis tyder vakker. Det norske namnet tusenfryd kan du finne ut av i historien på denne sida. Veksestad: Tusenfryd finnes i litt fuktig eng. Ofte i plenar. Utbreiing: Langs Agder- og Rogalandskysten. Elles tilfeldig nord til Finnmark. Historie: Det er sagt om at då blomane si dronning, rosa, hadde bursdagsselskap kom dei andre for å gratulere. Alle blomane kom og bøygde seg for rosa. Berre ein liten blom var så beskjeden at han ikkje våga seg fram - den syntes den var så mykje dårlegare kledd enn dei andre. Han viska for seg sjølv eit ynskje om lykke og alt godt. Ein svak vind førte orda til rosa, og ho såg den lille blomen og spurde kva den heitte. Han svarte at han heitte gåseurt, og at kjolen min er ikkje så fin. Då sa rosa at kjolen din er kvit og rein, utan ein flekk, og mellom blada ser eg hjarta ditt, som skin som gull. Frå no av skal du heitte "Tusenfryd", for du er tusen gonger vakrare enn dei andre. Då vart den lille blomen raud av glede, og sidan det har blomen vore raud på tuppane av randblomane. (Teke frå eventyret til John Myhre) Anna: Tusenfryd har vorte symbol på håp og uskyld. Siden ble sist oppdatert: 2021-07-28 08:19:25 ![]() Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde. Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Personvern | Et ord om kildebruk |