Her kan du laste opp egne bilder av denne arten/gruppen. Gå tilbake
HundekjeksFam. Skjermplantefamilien --> U.fam. Apioideae --> Stamme Scandiceae --> Slekt Kjørvel -->Anthriscus sylvestris
50-120 cm høg fleirårig urt. Stengelen er opprett og rikt forgreina. Den er fura, hul og kledd med hår. Blada sit spreidd og har stengelomfattande bladslirer som er veldig håra. Dei er to til tredobbelt finna. Heile bladplata er trekantforma. Blomane sit i dobbelskjermer i toppen av greinene på stengelen. Kvar enkelt blom har 5 kvite kronblad som er frikrona. Kvart kronblad har ein liten innskjering, nesten omvendt hjarteforma. Dei kronblada som vender ut av skjermen er større enn dei andre. Kvar blom har eit arr og mange pollenbærarar. Skjermen har småsvøp som er spisse, men manglar storsvøp. Etymologi: Sylvestris tyder som veks i skog. Veksestad: Veks i næringsrike enger, vegkantar og åpen skog. Utbreiing: Heile landet opptil 1300m. Anna: Hundekjeks har voldsomt små, kvite blomar som er godt samla i tette skjermer. Ein hundekjeksplante kan ha opptil 5000 blomar. Hundekjeks er den vanlegaste planten i skjermplantefamilien. Siden ble sist oppdatert: 2021-07-28 08:19:24 ![]() Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde. Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Personvern | Et ord om kildebruk |