Her kan du laste opp egne bilder av denne arten/gruppen. Gå tilbake
BukkebladFam. Bukkebladfamilien --> Slekt Bukkeblad -->Menyanthes trifoliata
15-30 cm høg fleirårig urt. Har lang, krypande jordstengel. Stenglane er trinne (runde i tverrsnitt), opprette, glatte og saftige. Blada er trekopla, småblada er lansettforma. Dei er store, rundt 6 cm lange. Blomane sit i ein opprett klase. Dei er kvite på oversida og litt raudlege på undersida. Alle kronblada er veldig kvitt skjegghåra. Krona danar eit traktforma røyr med 5 flikar som er spisse. Blomen har 5 mørke pollenbærarar. Blomeknoppane er nokså raudlege. Har 5 butte grøne til raude begerblad. Blomeklasane og blada, som er over vatnet, sit på kvar sin stengel frå jordstengelen under vatn. Har kuleforma kapsel der griffelen vert sittande til frukta er moden. Formeiring: Bukkeblad formeirer seg vegetativt i vatn med jordstengel i tillegg til rund kapselfrukt. Etymologi: Menyanthes er eit gammalt gresk namn på ein vassplante. Trifoliata tyder treblada. Veksestad: Trivst på flatmyrer og i vasskantar. Blomeklasen og blada er over vatnet medan jordstengelen er under vatn. Utbreiing: Heile landet opptil 1800 m. Bruk: Har vore brukt mot nervøsitet, brystsuksdomar, gulsott, mark, utslett, sår og andre sjukdomar. Dei tjukke jordstenglane har vorte tørka og malt til mjøl for å få nok mjøl til brøda i nødsår. Anna: Planten kan lett kjennast att på blomane med mykje kvitt skjegghår. Siden ble sist oppdatert: 2021-07-28 08:19:18 ![]() Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde. Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Personvern | Et ord om kildebruk |