Her kan du laste opp egne bilder av denne arten/gruppen. Gå tilbake
FuruFam. Furufamilien --> Slekt Furu --> U.slekt.Pinus subg. Pinus --> seksjon Pinus sect. Pinus --> U.seksjon Pinus subsect. Pinus -->Pinus sylvestrisEngelsk navn: Scots Pine
Furua er eit bartre i Furufamilien (Pinaceae). Har ein variabel vekstform, som ung er den ofte kjegleforma, når den vert eldre får den brei krone. Furua kan verte omlag 35 m høg og over 600 år gammal. Har pelerot som går djupt ned i bakken, kan derfor vekse på tørre stadar. Det er både hannblomar og hoblomar på same treet (sambu/einbo). Dei blømer i byrjinga av juni. Hoblomane er raude og sit parvis i spissen av årsskudda. Hannblomane er gule og sit tett i samlingar nedst på eit årskudd. Furunålene er 3-6 cm lange og sit to og to saman. Konglene er ovale. Dei treng 3 år på å modnast frå dei er hoblomar. Frøet har ei tynn vinge. Etymologi: Pinus var romarane sitt namn på furu allereie for 2000 år sidan. Sylvestris tyder at treet veks i skog, eller i dette tilfelle danar skog. Veksestad: Veks ofte på tørre stadar og er veldig vanleg. Utbreiing: Furu finnes i heile lander, unnateke i ytre Troms og Finnmark. Veks opptil 1400 meter. Bruk: Høge rettveksa furuar vert brukt til master og stolpar. Furu er og viktig i møbelindustrien. Av harpiksen vert det framstilt terpentin, tjære og bek. Livet: Året etter at hoblomane har blømd, vert det dana nokre grøne minikongler. Det neste året er dei grøne konglene blitt større. Året etter der igjen er konglene brune og modne. Då vil frø med tynne vinger kome ut av kongla og flyge med vinden. Siden ble sist oppdatert: 2021-07-28 08:16:37 ![]() Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde. Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Personvern | Et ord om kildebruk |