en | de | no

          Legg til bilde

Pantergaupe

Orden Rovdyr --> U.ord. Kattelignende --> O.fam. Feloidea --> Fam. Katter --> U.fam. Mindre kattedyr --> Slekt Gaupe -->

Lynx pardinus

Engelsk navn: Iberian lynx

Kroppslengd: 80-110 cm
Halelengd: 12-13 cm
Vekt: 12-25 kg
Drektig: 65-75 døgn
Kull: 1-4, oftast 2

Pantergaupe er ein katteart i slekta Lynx, der bl.a. vår ville gaupe høyrer til. Pantergaupa er derimot mindre og meir flekka.

Utsjånad: 80-110 cm lang + 12-13 cm lang hale. Veg 12-25 kg. Pelsen er brungul, tett i tett med svarte flekkar. Halen er kort (12-13 cm), kinnskjegget er tydeleg og øyrene har lange hårduskar. Hoa er mindre enn hannen og veg sjeldan meir enn 14 kg. Dei unge pantergaupene har og flekkmønster, men kinnskjegget er mindre tett og øyreduskane små.

Utbreiing: Pantergaupa fantes tidlegare spreidt rundt i Spania og Portugal. Nå er ho derimot til stade berre eit par områder i Spania.

Biotop: Ein finn ho i småskogområder, opne pinjeskogar og i tillegg likar dei seg i korkeikskog.

Vaner: Pantergaupa snik seg inn på byttet eller sit på lut med kroppen rett som eit lys. Den brukar ei lita grasslette eller åpent terreng i nærleiken av kaninholer. Godt kamuflert mot ein mørk bakgrunn av kratt sit det flekka dyret urørleg og snur berre av og til på hovudet. Så snart den oppdagar ein kanin, dukker den ned og åler seg raskt fram mot byttet, trykka ned mot bakken. Når den er komen på ein avstand av omlag 4 meter, spring den lynraskt på byttet, som sjeldan kjem seg unna. Gaupa drep byttet med tennene, klørne vert brukte til å halde byttet fast. Eit kraftig bitt i nakken tek livet av dei fleste små byttedyra. Av og til tek pantergaupa ein av dei mange hundre hjorte- og dådyrkalvane som vert fødde. Pantergaupa lever berre av dyr som dei fangar sjølv. Dei har som vane att dei sleper byttet med seg etter å ha drepe det. Dei et aldri byttet på fangestaden. Det er observert at ei gaupe bar ein kanin nesten 1 km og ei anna gong ein unghjort 140 m.

Mat: Føretrekk harer, men kan og ta hjort- og dådyrkalvar. Ho et berre visse delar av byttedyra, resten vert greve ned og dekka med sand, blad og planter.

Forplanting: Mesteparten av året lever hoa og hannen åleine, men i paringstida lever dei i saman. Ei djup mjauing fortel av ei pantergaupe vil ha seg ein make. Hoa lokkast inn i hannen sitt område av duftande grensemerker. Ho vert der ei stund, men vender att til henna revir og gjøm seg bort. 2 månadar seinare føder ho i eit leie i eit kratt, eller i ein hol trestamme, i ei grevlinghola eller kanskje i eit storke- eller rovfuglreir. Kullet er på 1-4 ungar, men oftast 2. Dei er blinde og hjelpelause. Dei utviklar seg seint i starten. Etter 9-10 døgn opnar dei augo. Når dei er 2 månadar forlet dei hiet, berre for ei kort stund. Når dei er 3 månadar følgjer dei mora på jakt. Heile det fyrste året er ungane i saman med mora. Neste paringstid flyttar ungane ut.

Pantergaupa vert rekna som ein trua art. Det finst omlag 1000 pantergauper i Spania, samt 50 i Portugal. Det skjer ein del ulovleg jakt, og mange dyr vert drepne i trafikken og leveområder vert øydelagde.


Siden ble sist oppdatert: 2021-07-28 08:17:44




Kommentarer:
Navn:
Tekst:
Skriv inn tallet (For å forhindre spam må dette fylles inn)
 

Creative Commons License
Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde.
Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Personvern | Et ord om kildebruk

Dyr Planter

Grupperinger


Infosider

Arter og slekter