en | de | no

          Legg til bilde

Komodovaran

Orden Skjellkrypdyr --> U.ord. Øgler --> Infraorden Platynota --> Fam. Varaner --> Slekt Varanus -->

Varanus komodoensis

Engelsk navn: Komodo dragon


Foto: rubund (Lisens)
Systematikk
Rekke: Chordata
Klasse:Reptilia
Orden: Squamata
Familie:Varanidae
Slekt: Varanus

Foto: Stephen Childs (Lisens)

Kart over utbredelse
Lengd: Opptil 4 m
Vekt: 120-150 kg
Føde: Insekter, gnagarar, egg, åtsler, hjorter
villsvin, aper m.v.
Komodovaran-lyd (44,5 kB)

Komodovaranen er den største nålevande varanarten og dermed også den største øgla. Den er grå eller svartbrun med raudaktige, ringforma flekker. Kroppen er litt flattrykt. Hale og kropp er omtrent like lange. Beina er korte og kraftige med lange klør på tærne. Tunga er lang, tynn og kløfta, slik som hos slangen. Ungane er mørkare enn dei vaksne, med raude flekker over heile kroppen og grøne lengdestriper på halsen. Dei forsvinner under oppveksen.

Ikkje lenge etter at komodovaranen var oppdaga braut 1.verdskrig ut. Det førte til at det gjekk i gløymeboka. Men seinare vart han oppdaga igjen. I 1930 var det berre 300 komodovaraner i verda, alle er i Indonesia.

Fullvaksne varaner jaktar på store dyr. Dei yngre jaktar på smågnagarar, slangar, fisk, andre komodovaraner. Komodovaranen har god luktesans, så den kan finne åtsler til å ete på.

Komodovaranen er av dei dyr som er trua av utrydding. For å sikre bestanden er den sørlege delen av øya Rintja og heile den ubebudde øya Padar freda. Menneska set ut villsvin og rotter på desse øyane slik at komodovaranen kan ha noko å jakte på. På øya Komodo er det vanskelegare å frede område, fordi menneska brenn opp skog til jordbruksareal.


Siden ble sist oppdatert: 2016-10-20 19:19:27




Kommentarer:
Navn:
Tekst:
Skriv inn tallet (For å forhindre spam må dette fylles inn)
 
ask (2016-10-20 19:19:27)
Nyttig info om komodovaran ps den fines også i australia
Naturfakta (2013-10-08 16:20:17)
På engelsk heter den Komodo dragon. På norsk brukes derimot ikke drage offisielt.
Mari (2013-10-01 15:30:31)
Vis eg har rett bli den kaldt Komodo drage
Gabriel (2012-11-14 20:10:55)
Kult

Creative Commons License
Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde.
Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Privacy | Et ord om kildebruk

Dyr Planter

Grupperinger


Infosider

Arter og slekter