en | de | no

          Legg til bilde

Gaupe

Orden Rovdyr --> U.ord. Kattelignende --> O.fam. Feloidea --> Fam. Katter --> U.fam. Mindre kattedyr --> Slekt Gaupe -->

Lynx lynx

Engelsk navn: Eurasian Lynx

Italiensk: lince; Fransk: lynx; Tysk: Luchs; Svensk: lodjur; Dansk: los; Nederlandsk: lynx; Kroatisk: ris

Kroppslengd: 80-110 cm
Halelengd: 15-25 cm
Vekt: 18-35 kg
Drektig: 10 veker
Kull: 2-4 blinde ungar

Gaupa høyrer til i slekta småkattar, Felis i kattefamilien, Felidae

Utsjånad: 80-110 cm lang kropp + 15-25 cm lang hale, 18-35 kg tung. Gulgrå til raudbrun pels, mørke flekker, lange føter, kinnskjegg, hårduskar på øyrene, halen har svart ende og klør som kan trekkast inn.

Utbreiing: Var tidlegare over heile Europa, no berre i Skandinavia og i Karpatene. Det finnes restbestandar på Balkan, Den Iberiske halvøy og Aust-Europa.

Levestad: Trivst i skogområder med lysningar og berglendt terreng. I Noreg finn ein den i lauvskog og barskog i det meste av landet.

Vaner: Gaupa er aktiv i skumringa og om natta. Lev åleine heile tida unnateke paringstida. God klatrar. Snik seg inn på byttet, kan ikkje forfølge byttet. Markerer reviret med ekskrementer og urin. Har kvilestad og hi i tett kratt, i fjellsprekker eller vindfall.

Mat: Gaupa jagar alle slag pattedyr frå mus til reinsdyr. Rådyr og hjortekalvar er viktige, tek og hare og fugl.

Forplanting: Paringstida er frå februar til mars. Drektigtida er 10 veker og hoa får 2-4 blinde ungar som opnar augo etter 14 dagar. Dei ammar mora i 5 månadar og vert hjå henne i 1 år. På 1970-talet vart det sett ut vellykka gauper i Vest-Tyskland, Frankrike, Austerrike, Sveits, Jugoslavia og Italia.

Sist århundre vart gaupa nesten utrydda i Mellom-Europa, men var vanleg i Noreg nord til Helgeland. Det vart då sett i gang skuddpremie for å skyte gauper, og bestanden gjekk tilbake og forsvann i fleire fylker. I dag har gaupa leveområde heilt nord til Troms i Noreg. Gaupa er det einaste ville kattedyret i Noreg, men gjev ingen trussel mot mennesker. Skaden den gjer er mindre enn før annteke. Den tek helst svake og sjuke dyr.
Siden ble sist oppdatert: 2015-08-21 22:03:26





Kommentarer:
Navn:
Tekst:
Skriv inn tallet (For å forhindre spam må dette fylles inn)
 
stygga (2014-11-26 09:17:20)
bre artikkel (not)
stygga (2014-11-26 09:17:19)
bre artikkel (not)
dusten (2014-02-04 11:09:54)
Bra artikkel
é+åpoeijuhygfiwjuehygtfwiujehygtf (2013-12-16 10:21:58)
lol
meg sef (2013-12-16 10:20:37)
lol hahahahahahahahah
anonym (2013-12-16 10:17:36)
lol

Creative Commons License
Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde.
Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Privacy | Et ord om kildebruk

Dyr Planter

Grupperinger


Infosider

Arter og slekter