en | de | no

          Legg til bilde

Snøleopard

Orden Rovdyr --> U.ord. Kattelignende --> O.fam. Feloidea --> Fam. Katter --> U.fam. Store katter --> Slekt Uncia -->

Uncia uncia (Panthera uncia)

Engelsk navn: Snow leopard


Foto: rubund (Lisens)
Systematikk
Rekke: Chordata
Klasse:Mammalia
Orden: Carnivora
Familie:Felidae
Slekt: Uncia

Foto: Tambako the Jaguar (Lisens)

Kart over utbredelse
Lengde: 180-230 cm
Halelengde: 85-110 cm
Akselhøgde: ca. 60 cm
Vekt: 35-65 kg
Drektigheit: 96-105 dagar
Kull: 1-5, oftast 2-3 ungar
Lengde ved fødsel: ikkje kjent
Vekt ved fødsel: 300-700 g
Høgaste alder: I det fri ca 15 år

Mens jaguaren held til i tropene, er snøleoparden, som tidlegare og vart kalla "Ibris", ein skikkeleg høgfjellskatt. Heimstaden er Himalaya, Pamir, Hindukusch og andre fjellstrøk i det indre Asia. Der oppheld dei seg helst over tregrensa på 3000-4000 m.o.h., og finst ofte i opptil 6000 m.o.h.

Utsjånad
Snøleopard er mindre enn "vanleg" leopard. Dei skil seg tydeleg frå leopard med sin lyse, uvanleg tjukke pels som har store røykgrå flekker, med ein lang hale og breie labbarø. Alle tre kjenneteikna er tilpassingar til denugjestmilde fjellheimen med steinurer, bergvegger og snøflater: Den tjukke, lyse pelsen vernar mot den bitande kulda og er samstundes ei ypparleg kamuflasjedrakt i fjellet. Den lange halen tener som "balansestong" når han vandrar på smale bergkammer og som "styreror" når han hoppar over avgrunner. Med dei kjempepotane sine finn ein snøleopard trygt fotfeste i dei brattast fjellveggane, og han søkk ikkje djupt ned i snøen.

Levevis
Snøleoparden lever for det meste åleine. I nærleiken av landsbyar går han på jakt berre om natta. I avsidesliggjande område er han derimot ofte på farten midt på dagen og. Ein snøleopard brukar gjerne store steinblokkar som utkikkspost for å speide etter bytte. Vanlegvis klarar han ikkje opp på utkikkspostane, men høpp. Han er eigentleg ein fantastisk hoppar, som skal kunne klare lengder på inntil 15 meter - det er verdsrekord i dyreriket! Snøleoparden har eit fast revir som kan vere 20 til 30 kvadratkilometer.

Paring
Berre mot slutten av vintaren, i februar eller mars, kjem dei saman ei kort tid for å pare seg. På forsommaren, etter å ha vore drektig i 96 - 105 dagar, set snøleopard-hoa to-tre, av og til og fem ungar til verda. Det skjer på ein godt gøymd stad under steinar eller i ein fjellsprekk. Etter eit år går ungane bort frå mora. Han jaktar på alt som går forbi.

Ein reknar med at det berre lever 4-5000 snøleopardar i verda no.


Siden ble sist oppdatert: 2023-12-11 13:47:31




Kommentarer:
Navn:
Tekst:
Skriv inn tallet (For å forhindre spam må dette fylles inn)
 
Hallo (2013-04-11 13:13:46)
Veldig bra fakta
D (2013-02-07 17:33:48)
D
caroline christie (2013-02-07 17:33:16)
JAAAAAAAAAAAAAAAAAA
ejgg (2013-01-30 17:46:49)
jaaaaaaaaaaaa
caroline auestad (2013-01-23 16:36:19)
Det er ein kul nettside

Creative Commons License
Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde.
Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Personvern | Et ord om kildebruk

Dyr Planter

Grupperinger


Infosider

Arter og slekter