en | de | no

          Legg til bilde

Husmus

Orden Gnagere --> U.ord. Rottelignende gnagere --> Fam. Musfamilien --> U.fam. Murinae --> Slekt Mus --> U.slekt.Mus (Mus) -->

Mus musculus

Engelsk navn: House mouse


Foto: davide.santoni (Lisens)
Systematikk
Rekke: Chordata
Klasse:Mammalia
Orden: Rodentia
Familie:Muridae
Slekt: Mus

Kart over utbredelse
Kroppslengd: 7-10 cm
Halelengd: 6-10 cm
Vekt: 10-30 g
Drektig: 20-24 døgn
Kull: 4-8 kull året, 4-9 ungar

Husmus er ein gnagar i musfamilien.

Utsjånad: 7-10 cm lang kropp + 6-10 cm lang hale. Veg 10-30 g. Pelsen har grå til gulbrun overside og kvitgrå underside, nesten hårlaus hale. Halen er omlag like lang som kroppen. Har store runde hudaktige øyrer. Spreiar ei ubehageleg sterk lukt.

Utbreiing: Kjem opprinneleg frå Aust-Asia, men finnes no i heile verda som skadedyr.

Biotop: Er der det finnes bebyggelse, i stallar, låver, fjos, kjellarar, men og ute, i enger, hager og hekker.

Vaner: Aktiv både om dagen og om natta. Er ein flink klatrar og symjar. Lev i familiegrupper inne i hus med rangordning. Reir av papir, tekstiler o.l. Ute har ho reir i sjølvgravde holer.

Mat: Et alt, føretrekk, frø, korn og feitt.

Forplanting: Dersom ho er inne kan paringstida vere heile året. Er ho ute er paringstida frå april til oktober. Drektigtida er 20-24 dagar, får 4-8 kull i året og 4-9 hårlause, blinde ungar kvart kull. Dei opnar augo etter 13 dagar. Ammar mora i omlag 3 veker og er kjønnsmodne etter 6-7 veker.

Storfamiliane har rangordning og vert leia av ein sterk og erfaren hann, berre han får pare seg med brunstige hoar. Leiaren må ofte kjempe for staden sin med hannar med mindre rang. Fleire husmusmødrer lagar eit felles reir. Husmus har alltid vore eit skadedyr, både ved å øydeleggje matvarar som mennesket skal ha og ved å overføre sjukdommar.

Se ABS skadedyr for ytterligere informasjon om husmusa.


Siden ble sist oppdatert: 2012-09-16 22:24:04




Kommentarer:
Navn:
Tekst:
Skriv inn tallet (For å forhindre spam må dette fylles inn)
 

Creative Commons License
Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde.
Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Privacy | Et ord om kildebruk

Dyr Planter

Grupperinger


Infosider

Arter og slekter