en | de | no

          Legg til bilde

Struts

Orden Strutser --> Fam. Strutser --> Slekt Struthio -->

Struthio camelus

Engelsk navn: Ostrich


Foto: rubund (Lisens)
Systematikk
Rekke: Chordata
Klasse:Aves
Orden: Struthioniformes
Familie:Struthionidae
Slekt: Struthio

Foto: A.K. ©

Foto: TWF ©

Italiensk: struzzo; Fransk: autruche; Tysk: Strauß; Dansk: struds; Nederlandsk: struisvogel; Kroatisk: noj

Strutsen sin beste sans er synet og evnen til å løpe fort. Den trives best på dei åpne slettene kor den kan oppdage rovdyra på lang avstand. Strutser finnes i Afrika der dei kan finne det dei treng og ikkje vert utrydda av menneska.

Somalistrutsen er på busksteppa. Hannen hos Somalistrutsen blir koboltblå i ein sprakande kontrast til resten av fjørdrakta. I tettbevokste områder lever ikkje strutsen. Der kan dei alt for lett bli overaska av leoparder.

Strutsen er ingen trekkfugl, eller vandringsfugl, men likevel må den av og til flytte for å finne vatn. Så lenge det finnes planter med veska i, unngår den vannhol og bekker. Det blir sagt om strutsen at den kan bruke duggen på plantene om morgonen til å drikke.

Strutsen sin dagligvane er temmeleg einsformig. I dei tidlege morgonstimane setter flokkens medlemmar seg i bevegelse i ein og samme retning. Dei går med senka hovud og napper til seg alt mogleg som viser seg fram for det kraftige nebbet: hele gresstrå, frø, frukter, insekter, firfisler, små pattedyr og andre småkryp. Strutsenebbet er i spissen forsterka med ein knivskarp hornplate og kan opnast slik at gapet rekker heilt inn under augo. Derfor kan fuglen ta til seg både store knollvekster og munnfuller av meir normal størrelse. Små planter river den opp med rota. Strutsen kan til og med svelgje tornefulle tistler. Men bortsett frå næringsmidlene, havner det alt mogleg rart i strutsemagen, ting på grunn av sin form eller farge stikker fuglen i augo: stener, trebiter, skjell osv. Steinane som strutsen svelgjer, er mellom to og fire cm lange og ovale av form. Deiras oppgåve er tydelegvis - som hos andre fuglar som lever av frø og blad - å male i stykkjer den veldig seige plantekosten. Slike steinar kallast grit-steinar.

Vi mennesker er stolte over at våre olympia-atleter har 10 sekunders-rekorden på 100 meter sprint. Det tyder at dei raskaste representanter for vår art kan komme opp i 36 km/t og holde denne farten 100-200 meter. Samanlikna med geparden, som spring 120 km/t er menneskas rekord latterleg. Då kan ein tenkje på at geparder spring med 4 bein. Men strutsen har berre 2 føter, men kan springe på 65 km/t fleire km. Strutsen er verdas mest uthaldande dyr!


Siden ble sist oppdatert: 2012-09-16 22:24:04




Kommentarer:
Navn:
Tekst:
Skriv inn tallet (For å forhindre spam må dette fylles inn)
 
jonathan (2011-09-26 16:04:46)
de stikker hodet ned i sanden hva skjer hvis du lokker dem ut på veien ?

Creative Commons License
Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde.
Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Privacy | Et ord om kildebruk

Dyr Planter

Grupperinger


Infosider

Arter og slekter