en | de | no

          Legg til bilde

Brunrotte

Orden Gnagere --> U.ord. Rottelignende gnagere --> Fam. Musfamilien --> U.fam. Murinae --> Slekt Rotter -->

Rattus norvegicus

Engelsk navn: Brown rat

Kroppslengd: 22-26 cm
Halelengd: 18-22 cm
Vekt: 250-500 g
Drektig: 22-24 døgn
Kull: 4-6 kull årleg

Brunrotta høyrer til blandt gnagarar i musefamilien. I same slekta ligg arten svartrotte, Rattus rattus som er litt mindre enn brunrotte.

Utsjånad: 22-26 cm lang + 18-22 cm lang hale. Vekta er 250-500 g. Brunrotta er større og tettare bygd enn svartrotta. Gråbrun til nesten svart overside, kvitgrå underside, kjøtfarga bein. Nesten hårlaus hale med skjellaktige ringar. Øyrene er runde og hudaktige.

Utbreiing: Opprinneleg var brunrotta i berre Aust-Asia, men har vandra ut til heile verden via bl.a. skip. Inntok heile Europa på 1800-talet. Finnes overalt kor mennesker er.

Biotop: I hus likar brunrotta seg best i kjellarar kor det er fuktig. Ho likar seg og i kloakken, på søppelstader. Likar seg kort og godt der folk er.

Vaner: Skumrings- og nattaktiv. Kjempeflink klatrar og symjar. Lever i storfamilier med klar rangordning. Når ungane vert fødde vert dei som regel lagde i eit fellesreir. Trivst der det er søppel.

Mat: Et alt mogleg: mus, fugl, egg, fisk, åtsler, planter, frø, frukt og mat som er laga for mennesker.

Forplanting: Paringstida er heile året, men i kjølige område er ho som regel frå april til oktober. Hoa er drektig i 22-24 dagar og får 4-6 kull i året. Ho får 6-12 blinde, hårlause ungar i kvart kull og dei opnar augo etter 15 dagar. Ammar mora i 3 veker og klarar seg sjølv når dei er 6-7 veker gamle.

I Europa og ein del av Amerika er brunrotta klart det største skadedyret. Ho et kvart år opp tonnevis av mat som er laga for mennesker. Det vert sagt av dei brune rottene kom til England i 1730 med nokre skip, medan dei dukka opp i Paris i 1753. I Danmark var dei allereie i 1720. Til Nord-Amerika kom dei med skip frå England i 1775. Til Sverige i 1790 og i Sveits i 1809. Til Noreg kom brunrotta allereie på midten av 1700-talet. I dag finnes dei i praktisk talt heile verda, utanom stader der det er voldsomt kaldt; lengst nord i Noreg, og i fjellet. Rottene er smittespreiarar for pestar.

Se ABS Skadedyr for ytteligere informasjon om brunrotta.


Legg til bilde



Taksonomisk data er i stor grad hentet fra Wikispecies og er tilgjengelig under Creative Commons Attribution/Share-Alike License.





Kommentarer:
Navn:
Tekst:
Skriv inn tallet (For å forhindre spam må dette fylles inn)
 

Creative Commons License
Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde.
Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Privacy | Et ord om kildebruk

Dyr Planter

Grupperinger


Infosider

Arter og slekter