en | de | no

          Legg til bilde

Tempeltre, ginkgo

Fam. Ginkgofamilien --> Slekt Ginkgo -->

Ginkgo biloba


Foto: rubund (Lisens)
Systematikk
Klasse:Ginkgoatae
Orden: Ginkgoales
Familie:Ginkgoaceae
Slekt: Ginkgo

Inntil 30 m høgt sommargrønt tre. Blada sit enkeltvis, spreidt på langskota, på kortskota er blada samla. Blada er vifteforma, 5-8 cm breide, faste og langstilka. Bladnervene er parallelle. Blada er fyrst lysegrøne, seinare mørkegrøne, hausten: gule. Blomane som blømer i april-mai er særbu, det vil sei at hoblomane ikkje sit på same tre som hannblomane. Blomane sit alltid på kortskota. Hannblomane er rakleaktige 2-5 saman, 4-7 cm lange, med mange pollenbærarar, gule. Hoblomane er 1-3 saman, langstilka, grøne. Frøa som kjem i oktober-november er 2-3 cm store, liknar på modne steinfrukter, med kjøttaktig, guloransje frøkappe som gjev ein ubegagelege lukt når den er moden. På grunn av lukta vert ikkje hoplanten planta i byar. Barken er fyrst gråbrun, seinare oppsprukka.

Veksestad: Er i blandingskogar opp til 750 m. Det er ingen spesielle jordkrav. Elskar lys. Toler godt luftforureining som i byar.

Utbreiing: Veks vilt i Søraust-Kina. Vanlegt parktre i Europa. Den er planta og klarar seg ein del stadar i Sør-Noreg, kor dei oppnår middels høgd.

Bruk: Hanntrea vert planta i byar (hotre vert ikkje planta for den fæle lukta som kjem om hausten). Den vert planta fordi den toler mykje forureining.

Anna: Trass i at blada liknar på lauvtrebladar er dei ikkje det. Treet vert kalla eit levande fosil på grunn av at det er den einaste arten i ein planteklasse som det var mykje av for lenge sidan.


Siden ble sist oppdatert: 2012-09-16 22:24:04




Kommentarer:
Navn:
Tekst:
Skriv inn tallet (For å forhindre spam må dette fylles inn)
 

Creative Commons License
Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde.
Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Privacy | Et ord om kildebruk

DyrPlanter

Grupperinger

Infosider


Familier

Almefamilien
Amarantfamilien
Ananasfamilien
Aspargesfamilien
Bananfamilien
Barlindfamilien
Bergflettefamilien
Bergknappfamilien
Bjønnkamfamilien
Bjørkefamilien
Blærerotfamilien
Bukkebladfamilien
Bøkefamilien
Einstapefamilien
Erteblomstfamilien
Fiolfamilien
Fjellflokkfamilien
Flettemosefamilien
Fluetrompetfamilien
Furufamilien
Gaukesyrefamilien, gjøkesyrefamilien
Ginkgofamilien
Grasfamilien, gressfamilien
Gravmyrtfamilien
Gresskarfamilien
Halvgrasfamilien, starrfamilien
Hampefamilien
Hengevingfamilien
Hortensiafamilien
Ingefærfamilien
Jåblomfamilien
Kaktusfamilien
Kannebærerfamilien
Kapersfamilien
Kaprifolfamilien
Kardeborrefamilien
Kattehalefamilien
Kattostfamilien
Kjempefamilien
Klokkefamilien
Kokafamilien
Kongsbregnefamilien
Korgplantefamilien, kurvplantefamilien
Korsblomstfamilien
Kråkefotfamilien
Laurbærfamilien
Leppeblomstfamilien
Liljefamilien
Linfamilien
Lusegrasfamilien
Lyngfamilien
Maskeblomstfamilien
Middagsblomstfamilien
Mjølkefamilien
Morbærfamilien
Muskatnøttfamilien
Myrkonglefamilien
Myrtefamilien
Narsissfamilien
Nellikfamilien
Neslefamilien
Nøkkerosefamilien
Nøkleblomfamilien
Oljetrefamilien
Orkidéfamilien
Ormetungebregner
Palmer
Papayafamilien
Paradisfuglblomster
Pasjonsblomstfamilien
Pepperfamilien
Perikumfamilien
Pilefamilien
Pionfamilien
Proteafamilien
Ripsfamilien
Rosefamilien
Rubladfamilien
Rutefamilien
Såpebærfamilien, lønnefamilien
Sapodillefamilien
Sesamfamilien
Sildrefamilien
Sivfamilien
Skjermplantefamilien
Snellefamilien
Solduggfamilien
Soleiefamilien
Spolebuskfamilien
Springfrøfamilien
Storkenebbfamilien
Stortelgfamilien
Sumakfamilien, mangofamilien
Svalerotfamilien
Sverdliljefamilien
Sydbøkfamilien
Sypressfamilien
Syrefamilien, slireknefamilien
Søtvierfamilien
Tebuskfamilien
Trollheggfamilien
Tysbastfamilien
Valmuefamilien
Vassbregnefamilien
Vindelfamilien
Vortemelkfamilien

Arter og slekter