|
Jordstengelen er grov og veks på skrå. Den har blanke, brune skjell, som eigentleg ikkje er anna enn akselblad som sit igjen etter tidlegare blad.
Vårplante: Tidleg om våren kjem ein rosett av blad som er langstilka, nyreforma med tydeleg spiss. Blomane kjem og opp frå same stad som blada og er blåfiolette med god lukt. Det vert sjeldan nokon frukt av desse blomane og derfor prøver planten på nytt seinare på sommaren:
Sommarplante: Planten prøver på nytt om sommaren med ein opprett stengel som kan verte 20-30 cm høg og den har spreidde stengelblad. I dei øvste bladhjørnene kjem det opp små stilkar med nokre merkelege, lukka (kleistogame) blomar som ser ut som blomeknoppar. Dei pollinerar seg sjølv. Seinare vert det frøkapslar, som knipsar ut frøa, som har elaiosom. Maurane samlar frøa som er sunt for yngelen.
Formeiring: Vårblomane klarer som regel ikkje å lage frø og derfor kjem sommarblomane som pollinerar seg sjølv og får frø. Krattfiolen har og jordstengel som veks på skrå.
Etymologi: Viola tyder liten "ion". Mirabilis tyder forunderleg.
Veksestad: Krattfiol finnes i tørre urer, kratt og småskog
Utbreiing: Frå låglandet opp til bjørkebeltet, nord til Narvik.
Anna: Krattfiolen er spesiell. Namnet mirabilis tyder forunderleg. Den får eit slag blomar om våren og om sommaren kjem blomar som er sjølvpollinerande. Det er spesielt!