en | de | no

Planten



Delane:

Nesten alle planter er grøne. Grønfargen kjem av klorofyllet som plantene treng for å utnytte sollyset. Planter som ikkje har grønfarge, snyltar eller samarbeider med andre planter/sopp. Døme på dei er vaniljerot (Monotropa hypopitys) og fuglerede (Neottia nidus-avis). Desse plantene vert kalla saprofytter. For at desse plantene skal leve må dei ta næring frå andre ting. Dei bryt ned næring frå tre eller samarbeider med sopp.

Frøplanter:

Frøplanter får blomar og frø. Frøa er inne i ein frukt. Frøplantene er oftast oppbygd av delane rot, stengel og blad. Dei får og blomar som eigentleg er omdana blad. Dersom stengelen er fleirårig vert den kalla stamme. Blada kan site i rosett ved planten sin basis (der rota og stengelen er samanbundne), eller site spreid oppover stengelen. Blomane kan vere stilka eller sitjande, i bladhjørna eller i toppen.

Formeiring:

Plantene er delt i tre avdelingar; moser, karsporeplanter (bregner) og frøplanter. Frøplantene danar frø etter befruktning. Frøa er ofte litt store og har lagra litt startsnæring. Dei er dana etter befruktning som vil sei at det oftast er to blomar som har laga frøa: Pollen (hannlegeme) kjem over på arret (holegeme) til ein annan blom/plante. Då vil planten som kjem opp frå frøet vere blanding av dei to plantene. Mosane og karsporeplanter brukar sporer til å formeire seg med. Sporer er som støv. Dei har ingen næring lagra i seg slik som frøa, men må lande akkurat på ein perfekt stad der forholda er til rette for planten å vekse. Sporeplantene treng heller ikkje befruktning for å lage sporer slik som frøplanter treng. Då vil plantene som veks opp frå sporene vere nesten heilt lik den som laga sporene.

Vegetativ formeiring:

Plantene kan og formeira seg vegetativt. Det vil sei at ein del av planten vil kome seg fram og dana ein ny plante. Det er oftast frøplantene som gjer det. Det kan skje ved at ein jordstengel veks (kryp) under jorda og sender opp nye planter. Då vil plantene henge isaman under jorda og kan og reknast som ein plante. Plantene kan og ha utløparar. Dei sender ut stenglar som danar nye planter. Dei stenglane vil ofte dø etter at den nye planten er i gang å vekse. Utløparane kan vere både overjordiske og underjordiske. Jordbær er eit godt eksempel på plante med overjordisk utløpar. Planter kan og ha yngleknoppar. Det er noko som liknar på frø, men er dana utan befruktning. Dei dett ned frå planten og veks opp til nye planter, akkurat som frø. Dei er ofte dana i bladhjørnene.

Siden ble sist oppdatert: 2011-05-25 21:53:14




Kommentarer:
Navn:
Tekst:
Skriv inn tallet (For å forhindre spam må dette fylles inn)
 

Creative Commons License
Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde.
Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Personvern | Et ord om kildebruk

DyrPlanter

Grupperinger

Infosider


Familier

Almefamilien
Amarantfamilien
Ananasfamilien
Aspargesfamilien
Bananfamilien
Barlindfamilien
Bergflettefamilien
Bergknappfamilien
Bjønnkamfamilien
Bjørkefamilien
Blærerotfamilien
Bukkebladfamilien
Bøkefamilien
Einstapefamilien
Erteblomstfamilien
Fiolfamilien
Fjellflokkfamilien
Flettemosefamilien
Fluetrompetfamilien
Furufamilien
Gaukesyrefamilien, gjøkesyrefamilien
Ginkgofamilien
Grasfamilien, gressfamilien
Gravmyrtfamilien
Gresskarfamilien
Halvgrasfamilien, starrfamilien
Hampefamilien
Hengevingfamilien
Hortensiafamilien
Ingefærfamilien
Jåblomfamilien
Kaktusfamilien
Kannebærerfamilien
Kapersfamilien
Kaprifolfamilien
Kardeborrefamilien
Kattehalefamilien
Kattostfamilien
Kjempefamilien
Klokkefamilien
Kokafamilien
Kongsbregnefamilien
Korgplantefamilien, kurvplantefamilien
Korsblomstfamilien
Kråkefotfamilien
Laurbærfamilien
Leppeblomstfamilien
Liljefamilien
Linfamilien
Lusegrasfamilien
Lyngfamilien
Maskeblomstfamilien
Middagsblomstfamilien
Mjølkefamilien
Morbærfamilien
Muskatnøttfamilien
Myrkonglefamilien
Myrtefamilien
Narsissfamilien
Nellikfamilien
Neslefamilien
Nøkkerosefamilien
Nøkleblomfamilien
Oljetrefamilien
Orkidéfamilien
Ormetungebregner
Palmer
Papayafamilien
Paradisfuglblomster
Pasjonsblomstfamilien
Pepperfamilien
Perikumfamilien
Pilefamilien
Pionfamilien
Proteafamilien
Ripsfamilien
Rosefamilien
Rubladfamilien
Rutefamilien
Såpebærfamilien, lønnefamilien
Sapodillefamilien
Sesamfamilien
Sildrefamilien
Sivfamilien
Skjermplantefamilien
Snellefamilien
Solduggfamilien
Soleiefamilien
Spolebuskfamilien
Springfrøfamilien
Storkenebbfamilien
Stortelgfamilien
Sumakfamilien, mangofamilien
Svalerotfamilien
Sverdliljefamilien
Sydbøkfamilien
Sypressfamilien
Syrefamilien, slireknefamilien
Søtvierfamilien
Tebuskfamilien
Trollheggfamilien
Tysbastfamilien
Valmuefamilien
Vassbregnefamilien
Vindelfamilien
Vortemelkfamilien

Arter og slekter