Her kan du laste opp egne bilder av denne arten/gruppen. Gå tilbake
TreleopardOrden Rovdyr --> U.ord. Kattelignende --> O.fam. Feloidea --> Fam. Katter --> U.fam. Store katter --> Slekt Treleopard -->Neofelis nebulosaEngelsk navn: Clouded leopard
Lengde: 121-190 cm
Halelengde: 60-91 cm Akslehøgd: 80 cm Vekt: 14-23 kg Føde: Pattedyr og små til mellomstore fuglar Drektigheit: 90 døgn Kull: 2-4 ungar Kroppen er sterk. Beina er korte og litt krumme. Potene er veldig store. Halen er veldig lang og uregelmessig ringmønstra. Pelsen er gråbrun eller gulaktig med store. runde, ovale eller firkantete, mørke flekker som blir halvmåneforma og mindre nedover beina. Ungane fødast blinde og veg ved fødinga 140-170 g. Flekkane er ikkje så tydelege hos unge dyr. Treleoparden er veldig mykje mindre enn leoparden. Den veg sjeldan meir enn 23 kg. Treleoparden held til både i jungel og bå buskstepper, ja til og med i sumpområder. Dei er utbreidt frå Nepal og Sikkim til Sør-Kina, Hainan, Formosa, Sumatra, Borneo og Malaysia. Dei er gode og lydlause nattejegarar, som tilbringar dagen i søvn på ei grein eller i ei greinkløft djupt inne i tett skog. Når ungane er 1 ½ månad gamle veg dei 1 kg. Treleopardungane får full størrelse i sin åttande månad. Siden ble sist oppdatert: 2021-07-28 08:17:34 Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde. Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Personvern | Et ord om kildebruk |