Her kan du laste opp egne bilder av denne arten/gruppen. Gå tilbake
Gaukesyre, gjøkesyreFam. Gaukesyrefamilien, gjøkesyrefamilien --> Slekt Gaukesyre, gjøkesyre -->Oxalis acetosellaEngelsk navn: Common wood sorrel
5-10 cm høg. Fleirårig urt med tynn jordstengel som er raudleg, rikt forgreina og veks vassrett. Blada, som er stilka frå jordstengelen, er trekopla med omvendt hjarteforma småblad som liknar kløverblad. Småblada grøne på oversida og raudlege på undersida. Dei forandrar stilling etter lys, temperatur og fuktigheit og brettar seg saman om kvelden. Blomen enkeltvis på stilk frå jordstengelen. Er kvit (sjeldan rosa eller blåleg) og har fiolette årer gjennom dei 5 kronblada. Kronblada er gulege ved basis, og pollenbærarar og fruktemnet er gulgrøne. Diameteren på krona 10-15 mm. Formeiring: Har raudleg, tynn, rikt greina jordstengel som den formeirar seg med i tillegg til ein kapselfrukt som kastar frøa ut når dei er modne. Etymologi: Oxalis kjem av oxys som tyder sur på latin - altså det vil tyde surleg. Acetosella kjem av acetum som tyder eddik. Veksestad: Planten likar seg i skuggen i lauv og barskog i kratt. Utbreiing: Veks vanleg til Kåfjord i Troms, sjeldan nord for det. Bruk: Det går å smake på planten for den smakar litt surleg (namnet er jo gaukesyre). Men det er ikkje så lurt for i store mengdar kan den skada nyrene. Anna: Gaukesyre er ein av Noreg sine vanlegaste skogplanter. Den finnes både i lauv- og barskog. Dersom planten vert utsett for direkte sollys vil blada brette seg saman og dermed beskytte seg mot for stor varme. Om kvelden hender det same berre då for å hindre at planten vert for nedkjølt. Siden ble sist oppdatert: 2021-07-28 08:19:01 Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde. Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Personvern | Et ord om kildebruk |