en | de | no

          Legg til bilde

Husflue, stueflue, husfluge

Orden Tovinger --> U.ord. Fluer --> Infraorden Muscomorpha --> seksjon Schizophora --> U.seksjon Calyptrata --> O.fam. Muscoidea --> Fam. Møkkfluer --> U.fam. Muscinae --> Stamme Muscini --> Slekt Musca -->

Musca domestica

Engelsk navn: Housefly


Foto: rubund (Lisens)
Systematikk
Rekke: Arthropoda
Klasse:Insecta
Orden: Diptera
Familie:Muscidae
Slekt: Musca

Foto: rubund (Lisens)

Husfluga er ei av dei mest vanlege flugeartane i heimar. Ho er og eit av dei mest utbreidte insekta. Ofte blir ho rekna for å være plagsom fordi ho kan bere på sjukdomar.

Ei normal husfluge blir mellom 6 og 9mm lang. Ho har store raude fasettaugo i forhold til kroppen. Stort sett er ho svart, men buken er guleg. Kroppen er dekka av hår. Ei hofluge er ein del større enn ei hannfluge. I tillegg er augo til ei hofluge mykje lenger frå kvarandre på ei hofluge enn ei hannfluge.

Det blir lagd totalt omlag 500 egg av ei ho, i puljer på 75 til 150 egg. Egga er kvite og ca. 1.2mm lange. Det går kun ein dag før larvane er klare og kjem ut av egget. Larvane er bleik-kvite og 3 til 9 mm lange. Dei lever av organisk materiale som dei til dømes kan finna blant søppel.

Gjennomsnittleg levetid for ei vaksen fluge er omlag 15-25 dagar. Men heile livssyklusen kan gjennomførast på 7-10 dagar, slik at ein kan få mange generasjonar på relativt kort tid.

Vis kilder


Siden ble sist oppdatert: 2021-07-28 08:20:15




Kommentarer:
Navn:
Tekst:
Skriv inn tallet (For å forhindre spam må dette fylles inn)
 

Creative Commons License
Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde.
Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Personvern | Et ord om kildebruk

Dyr Planter

Grupperinger


Infosider

Arter og slekter