en | de | no

          Legg til bilde

Emu

Orden Kasuarer --> Fam. Emuer --> Slekt Emu -->

Dromaius novaehollandiae

Engelsk navn: Emu

Høgd: Opptil 190 cm
Vekt: Inntil 55 kg
Føde: Gras, løv og anna planteføde. Insekter
Kull: Opptil 16 egg
Ruging: 58-61 døgn

Emuen er verdas nest største fugleart. Dei vert opptil 190 cm. Berre strutsen blir større, opptil 2,5 m. Strutsen har to tær, mens emuen har 3 tær. Emuen høyrer til ordenen Kasuarfugler og familien Emuer.

Utbreiing
Emuen lever på steppene i Australia. I skogane nordaust og på øyane i nærleiken.

Utrydding
Emuane har forsvunne frå mange plassar i Australia der den fantes tidlegare. Til gjengjeld kan ein no og da sjå representantar for den enno eksisterande emuarten, vanleg emu, heilt inn i utkanten av byane.
Det var dei kvite innvandrarane som satte i gang den intense forfølgelsen av emuane. Resultatet vart at emuen vart utrydda på Tasmania og andre øyar som King Island, Flinders Island ved innløopet til Adelaide. Grunnen til dette var at ein ville ha tak i fuglanes kjøt og feitt, som var verdifull mat. Eggene, som veg opptil 500 g, var og ettertrakta. I tilegg vart emuane mange stadar tenkt som beitekonkurrerande for sauer. Etter kvart kom utryddinga så langt at myndigheitene måtte gripe inn. Då vart det delvis fredning på emuen. Då økte bestanden igjen.

Føde
Emuer er nokså allsidige når det gjeld val av næring. Dei eter fyrst og framst gras, lauv og frukter, og om vintaren dessutan insekter. Vidare sluker dei og ting som mynter, nøklar og flaskekorker; kanskje av nysgjerrigheit. Korn setter dei veldig stor pris på.. Kornåkrane innvaderes ofte av store emuflokkar, særlig i år med lite nedbør. Bøndene prøver mange stadar å halda emuane borte ved å sette opp gjerder rundt åkrane. Gjerdene må vere sterke for at ikkje emuen skal velte dei. Emuane plar og øydelege vasstrau og andre drikkeanlegg for husdyra.


Siden ble sist oppdatert: 2021-07-28 08:19:58




Kommentarer:
Navn:
Tekst:
Skriv inn tallet (For å forhindre spam må dette fylles inn)
 

Creative Commons License
Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde.
Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Personvern | Et ord om kildebruk

Dyr Planter

Grupperinger


Infosider

Arter og slekter