Engelsk navn: Common Starling
| ||||||||||||
|
22cm/75g selskapeleg fugl. Verkar på avstand svart, men fjørdrakta skin i grønt, blått og kopar, og dessutan spragla med lyse flekkar. Hoa har mindre metallglans, men sterkare flekkar. Ungane er einsfarga jordbrune. Dei flyg raskt rett fram, av og til i glideflukt. Stæren går ein fot fram om gonga, i motsetning til svartrosten som hoppar framover.
Hekking: I større og mindre koloniar i, under takstein, fuglekassar og i fjellsprekker. Hannen byggjer reir av strå, gras og halm, hoa legg på mjukare materiale, mose, og noko fjører. 4-5 blågrøne egg i april-mai, rugast i 12-14 dagar, mest av hofuglen. Begge foreldra matar ungane, som flyg etter 18-22 veker. 1-2 kull i året.
Mat: Stæren et biller og andre insekter, larvar, sniglar, meitemark, bær, frukt og frø.
Anna: Stæren har ikkje eigen song som han syng. Han kan etterlikne mange ulike fuglelydar og andre lydar som til dømes skrivemaskin og traktor. Og det gjer han godt. Ein stær måtte skytast i Danmark, fordi han bles av garde mange tog ved å etterlikne fløyta til konduktøren!
Utbreiing: Er i Noreg frå februar til oktober, men nokre overvintrar langs kysten. Dei er i heile Noreg frå mars-april. Dei fleste trekkar sør-vestover til England, Frankrike og Belgia.