en | de | no

          Legg til bilde

Bever

Orden Gnagere --> U.ord. Beverlignende gnagere --> Fam. Bevere --> Slekt Castor -->

Castor fiber

Engelsk navn: Eurasian Beaver

Italiensk: castoro; Fransk: castor; Tysk: Biber; Svensk: bäver; Dansk: bæver; Nederlandsk: Bever; Kroatisk: dabar

Kroppslengd: 75-100 cm
Halelengd: 30-35 cm
Vekt: 18-30 kg
Drektig: 15 veker
Kull: 1-5 ungar

Beveren er Noregs største gnagar og høyrer til i beverfamilien. Det ligg ein annan art i same slekta og det er amerikabever, Castor canadensis.

Utsjånad: 75-100 cm lang krop + 30-35 cm lang hale. Veg 18-30 kg. Har tjukk grå til svartbrun pels. Halen er flattrykt og skjellkledd. Små augo og øyrer. Har symjehud mellom tærne. To sterke gnagartenner i overkjevev, brukast til å gnage ned tre.

Utbreiing: Fantes tidlegare over heile Europa og Vesleasia, no berre i nokre få områder i Frankrike, Aust-Tyskland, Polen, Sverige, Finland og Sør-Noreg.

Biotop: Ved vatn og elver i områder med mykje skog.

Vaner: Er aktiv i skumringa og om natta. Beverpara held saman heile livet. Er supergod symjar, kan vere under vatn i opptil 15 min. Grev gangar i bratte elvebrinker ller bygg hytter av kvist og leire. Inngangen er alltid under vatn. Han fell ter med diameter opptil 70 cm. Han kan bygge demningar for å regulere vasstanden. Ligg ikkje i dvale om vintaren.

Mat: Et bark, kvister, lauv og ulike planter.

Forplanting: Paringstida er frå januar til mars. Hoa er drektig i 15 veker og får 1-5 pelskledde ungar med opne augo. Ungane veg 230-680 g og målar omtrent 38 cm, medrekna 9 cm lang hale. Dei kan symje når dei er 3-4 dagar gamle. Ammar mora i 2 månadar og vert i familien i 2-3 år.

Beverfamilien byggjer ofte ein nesten kjegleforma eller langstrakt hytte av greiner, kvister, mudder og leire. Inngangen er under vatn, og tunneler fører inn i hytta. Når vintaren kjem vil hytta fryse til og verte hard. Då vil hytta fungere som ein iglo! Ein ser klart og tydeleg kvar det har vore bever. Dersom du ser kvisthaugar langs vasskanten, er det sannsynlegvis ei beverhytte du ser. Dersom tre er rivne og der som dei er kutta er spisst forma så er det sannsynlegvis beveren.


Siden ble sist oppdatert: 2015-06-11 10:00:17




Kommentarer:
Navn:
Tekst:
Skriv inn tallet (For å forhindre spam må dette fylles inn)
 
abdi moulla krekar (2015-06-11 10:00:17)
bryr meg ikke

Creative Commons License
Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde.
Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Privacy | Et ord om kildebruk

Dyr Planter

Grupperinger


Infosider

Arter og slekter