en | de | no

Legger til bilde av: Baktriakamel

Her kan du laste opp egne bilder av denne arten/gruppen. Gå tilbake

Bildefil - velg en fil fra din PC: (*)
Fotograf / ditt navn: (*)
Lisens: (*) La andre få lov til å kopiere/bruke bildet så lenge de refererer tilbake til deg (Creative Commons Share-Alike)
Samme som ovenfor, men de som bruker bildet har ikke lov til å modifisere det (Creative Commons NoDerivs)
Gi Naturfakta rett til å bruke bildet, men andre kan ikke igjen kopiere fra Naturfakta
Frigi bildet sånn at alle kan bruke det uten å referere tilbake til deg (Public domain) (Forsiktig!!)
Kilde (bilde finnes annet sted på nett):
Tittel på bildet:
Sted/lokasjon:
Beskrivelse:
Kameranavn:

          Legg til bilde

Baktriakamel

Orden Partåede klovdyr --> U.ord. Tylopoda --> Fam. Kameldyr --> Slekt Camelus -->

Camelus bactrianus

Engelsk navn: Bactrian Camel

Kroppslengd: 330 cm, tamme opptil 345 cm
Halelengd: 55 cm, tamme opptil 75 cm
Vekt: 550 kg, tamme 550-650 kg
Drektig: 365-440 døgn

Baktriakamelen er den kamelen som til vanleg berre vert kalla kamel. Til forskjell frå dromedaren som er næraste slektning har baktriakamelen to puklar. Høyrer til i kamelfamilien.

Utsjånad: På ryggen finst to svære puklar som kjenneteikner denne dyrearten heilt tydeleg. Lang hals og lange bein. Hornputer på bryst og på lemmane sine ledd. Halen er kort. Pelsen har lange hår særleg på hovudet, halsen, puklane og på lemmane sine ledd. Augevippane er veldig tette og lange. Øyrene er korte, runde og hårete, medan naseopningen kan stengast. Lemmane har to sprikande tær, som er dekka med tjukke, fjæraktige puter på undersida.

Utbreiing: Dei fleste er no tamdyr som er heilt nødvendige i ørkenen. Men det finnes artar som enno lever i vill tilstand i Gobi-ørkenen. Der finn vi dei i flokkar på 4-6 dyr. Ein kan sjå forskjell på tamme og ville ved at dei ville er slankare og lettare, og dei har vanlegvis mindre puklar, leddputer og tråputer, og lengre lemmer.

Biotop: Kamelen er spesialskapt for ørkenen, men toler kulde like godt. Finnes i vill tilstand berre i ørken.

Vaner: Kamelen som for det meste er tamdyr lever av å hjelpe mennesker til å krysse ørkenar. Dei kan klare å gå i 4-5 km/t i 10 timer i strekk fleire dagar etter kvarandre, midt i ørkenen. Dei spring i passgang og kan kome opp i 17 km/t. Dei kan klare seg fleire dagar utan vatn, men kan når dei drikk, drikke 120 liter vatn! Kamelen lagrar feitt i puklane og vatn ulike stader i kroppen. Når han pustar ut tek nasen opp vassdampen og kamelen brukar det om att. Han sveittar ikkje før temperaturen kjem opp i 40°C.

Forplanting: Drektigtida er på 365-440 døgn. Ungen er hjelpelaus i starten. Han liknar på foreldra og har ein korthåra, blaut, ullen pels. Puklane er tydeleg utvikla. Ein kamelunge reiser seg raskt etter fødinga. Når han er to år, går han ifrå mora. Når han er tre år vert han kjønnsmoden. Hoane vert brunstige berre eit døgn etter fødinga.


Siden ble sist oppdatert: 2021-07-28 08:17:53




Kommentarer:
Navn:
Tekst:
Skriv inn tallet (For å forhindre spam må dette fylles inn)
 

Creative Commons License
Teksten på denne siden er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License. Egne bestemmelser gjelder for hvert enkelt bilde.
Om Naturfakta | Kontakt nettsideansvarlig | Personvern | Et ord om kildebruk

Dyr Planter

Grupperinger


Infosider

Arter og slekter